Med eit stjernelag av dyktige musikarar formidlar Solfrid Molland både musikk og tekst på ein måte som vil ta pusten frå dei fleste. «Forvandling» er eit meisterverk.

Solfrid Molland har skapt ein musikalsk høtidsstund saman med sine dyktige musikarar.Plata «Forvandling» gir eit om muleg endå sterkare inntrykk av komponisten, songaren og formidlaren frå Førre Foto: Jørgen Nordby

Eit meisterverk av ei forvandling

Med eit stjernelag av dyktige musikarar formidlar Solfrid Molland både musikk og tekst på ein måte som vil ta pusten frå dei fleste. «Forvandling» er eit meisterverk.

av Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 6

«Forvandling»

skjermbilde-2016-09-28-kl-14-46-07

Solfrid Molland vokal og piano
Hayden Powell trompet
Mats Eilertsen kontrabass
Torbjørn Økland gitar og mandolin
Nils Økland fele
Paal Flaata medvokalist på songen «Forvandling»
Utgitt på Kirkelig Kulturverksted. 30.9.2016

Når Molland inviterer musikarar som Hayden Powell, trompet, Mats Eilertsen, kontrabass, Nils Økland, fele og multikunstnaren på gitar Torbjørn Økland i prosjektet er det berre å sette seg tilbake og nyte. Nå er det slett ikkje gjort av seg sjølv uansett kven du har med deg. Mykje står og fell på Molland. Ho har gjennom dei siste åra flørta med forskjellige stilar, og held fram med det på eit vis. Men her er det også mykje nytt. Nils Økland og bassist Eilertsen har fått mykje plass. Og det kler Molland si stemme. Også gitarane til Torbjørn Økland og trompeten til Hayden Powell blir utnytta maksimalt, for å framheve sårheita, kjærleiken og tyngda i tekstane i Molland sine songar.
Og skal ein trekke fram styrka i plata så er også bidraga frå diverse tekstforfatterar verdt å nemne. Det er kvalitet og poesi av høgt merke.

Les heile meldinga i papirutgåva.