Dei delte kunnskap, skapte god stemning og var akkurat slike forbilde fotballen treng.
I Tysvær har jentefotballen alltid stått sterkt, men er som mange andre stader nå under eit reelt press. Det minkar blant dei eldste spelarane, men også i yngre klassar. Og det er eit tydeleg varsel.
Når Falkeid sitt damelag til helga etter alle solemerker rykker opp i 3. divisjon er det sjølvsagt både kjekt for laget, men også for Falkeid IL som klubb.
I Grinde har juniordamene til Skjold hatt ein god forsesong, men slitt litt meir i haust etter kvart som spelerane har reist vekk på skule. Også i den klubben er jentene viktige.
På Frakkagjerd vann Jenter 16 1. divisjonspulja si på tysdag. Ein god prestasjon av eit lag som seriøst har jobba målretta mot å bli eit godt lag både på og utanfor banen. Dei trener saman, har det sosialt saman og byggar samhald. Dei er viktige i jentesatsinga i klubben.
Og jenter er viktige i alle lag og foreiningar, men kanskje aller mest i mannsdominerte fotball. Difor var det meir enn ein kamp når AIL-damene i går møtte Europas beste lag i den gjævaste cupen av dei alle. Ringside satt jenter frå alle dei nemnte klubbane. Og kanskje drøymte dei om at det ein dag er deira tur til å springe inn på Stadion til ein slik kamp.
Gode spelerar i aldersbestemt jentefotball har me alltid hatt. Enten spelande for eit Tysvær-lag, eller for ein av byklubbane. Det er ikkje noko problem. Det kjem alltid nye, og dei vil alltid vere der.
Det som er endå viktigare lokalt er den sosiale biten dei bidrar med. Krava dei stiller. Jenter finn seg ikkje i tull. Dei stiller opp for laget og kvarandre. At dei vel å reise vekk for å studere må me tolke som noko bra, sjølv om resultata rasar når det skjer.
Jentefotballen står framfor gedigne utfordringar i åra som kjem. Det ser me på nasjonalt plan, men også internasjonalt i storklubbane. Det handlar sjølvsagt om pengar.
Det kan virke langt frå treningsfeltet i Tysværvåg til Ada Hegerberg og spelerane i Lyon, men det er like kritisk for alle, om ikkje det blir gjort grep som sikrar jentefotballen si framtid.
Difor er det kjekt å registrere interessa som er rundt Avaldsnes, at representantar for fotballkretsen tar seg ein tur rundt om i klubbane og snakkar med dei som driv jentefotball i kvardagen.
Jenter og gutar er heilt umuleg å samanlikne også i denne idretten, men begge er like avhengige av kvarandre. Det må ein aldri glømme, sjølv om jentene er i fåtall og dessverre speler for tomme tribunar også i Toppserien. Dei har verdiar i miljøet, gutane aldri kan ta over.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør