Med utstillinga «Marg og bein» kan endeleg Østebø vise seg fram for sitt eige publikum igjen. For sjølv om han ikkje er ein ekta tysværbu har han sterke kjensler for Tysværtunet og kunstlaget.
– Det kan høyrast litt sånn påkosta ut men eg meiner kvart ord av det. Tysværtunet og Tysvær kunstlag har ein heil spesiell plass i kunstnarhjarte mitt. Dei som jobbar der betyr mykje for meg og dei som er aktive i kunstlaget har eg eit svært godt forhold til. Eg har vore med på mykje kjekt der, mellom anna Skrekkfest og diverse andre arrangement. Nå er eg endeleg tilbake med mitt eige – ei utstilling av kullstift, tresnitt og ein video, seier Bernhard Østebø.
Les heile saka i papiravisa