Stasjontilittsvald for brannmannskap tilknytt Nedstrand stasjon, Gunnar Vaage, viser fram tomta som er aktuell for ny brannstasjon på Nedstrand, nærare bestemt Hinderåvåg. Han håper den nye stasjonen snart vil vera på plass.
Stasjontilittsvald for brannmannskap tilknytt Nedstrand stasjon, Gunnar Vaage, viser fram tomta som er aktuell for ny brannstasjon på Nedstrand, nærare bestemt Hinderåvåg. Han håper den nye stasjonen snart vil vera på plass.

Brennklar for ny stasjon

Kommunen har gitt si velsigning til å plassere den nye brannstasjonen på Nedstrand på Hinderåvåg. Det fører den etterlengta stasjonen eitt skritt nærare.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust

Det er fleire år sidan det blei bestemt at det skulle byggast ny brannstasjon på Nedstrand. Det har vore diskutert og vurdert kvar brannstasjonen skal ligge. I førre veke gav teknisk utval i Tysvær kommune dispensasjon frå kommuneplanen til å plassere ny brannstasjon på Hindreåvåg. 
Brannsjef i Tysvær, Ole-Martin Nordstrand, er utolmodig etter framdrift i bygginga av brannstasjonen, og meiner det er på høg tid at det kjem eit nytt bygg til å huse brannbilar og utstyr på Nedstrand. 

– Ein treng ny brannstasjon på Nedstrand både på grunn av plass, og ikkje minst grunna HMS. I den gamle brannstasjonen må brannmannskapane til dømes køyre ut ein brannbil frå stasjonen for sjølve å få plass til å kle på seg. Det er heller ikkje tilrettelagt for reingjering for mannskap eller utstyr etter ulike oppdrag, påpeiker Nordstrand.

Les meir om saka i vekas Tysvær Bygdeblad