Saka om etablering av rusbustadar i Tysvær var til behandling i teknisk utval førre veke. Der kom det fram at Fylkesmannen enda ikkje har uttalt seg, og FrP nytta høvet til å utsette saka.
Mulig presedens
Fylkesmannen skulle ha komme med ei uttale innan 23. juni i år. Den fekk dei utsett til 1. juli, og blei så påminna igjen seinare – då svaret aldri kom.
Statens Vegvesen og fylkeskommunen har på si side uttalt seg for lengst. Likevel ønskjer FrP å gi Fylkesmannen ein sjans til. Under møtet førre veke, fremma Lars Birger Baustad eit utsettingsforslag på vegne av partiet sitt.
– Denne saka er prinsipiell og vil kunne skape presedens, derfor er det svært viktig at Fylkesmannen uttaler seg. Saka må utsettast til Fylkesmannen har gitt ei uttale, påpeiker han i forslaget.
Omkamp?
FrP fekk fleirtal for forslaget sitt med éi stemme, eit fleirtal som ikkje hadde blitt om alle utvalsmedlemmane hadde vore til stades. KrF sin representant nemleg meldte forfall til møtet, og FrP fekk ein ekstra mann i utvalet.
– Me har felles liste, derfor møtte ein frå FrP i staden. Hadde vår kandidat vore der, så ville denne saka gått gjennom med fleirtal frå Ap H og KrF. Trist og overraskande at dei vel å utsette denne saka, ved å vente på ei uttale frå Fylkesmannen. Ein kan byrje å lure på om dette handlar om ein omkamp når det kjem til plasseringa av rusbustadane, seier Brekke, som sjølv har vore sterk pådrivar i denne saka.
Les meir om saka i vekas Tysvær Bygdeblad