Det blir språkbråk – uansett

25. oktober kjem kommunestyret til å vedta at det framleis skal vere nynorsk som hovudmål ved Grinde og Tysværvåg barne- og ungdomsskule. Det betyr at fleirtalet, minus Høgre støttar seg til folkeavrøystinga, kor 19 prosent av dei som kunne stemme i stort fleirtal, også meinte dette var rett.

Skulesjefen og rådmannen er av ei anna oppfatning, men fekk berre Høgre med på bokmålstanken.
Og dette kjem det til å bli meir bråk av. Garantert.
Ved dei nemnte skulane var det i år knapt nok ein einaste elev som valte nynorsk. Var det på grunn av for dårleg informasjon, eller er det ikkje dei same som har ungar i skulen, som møtte opp til folkeavrøystinga, som hadde eit historisk lågt frammøte.
Klok av skade skal ikkje kommunen denne gongen gå i informasjonsfella. I god tid før dei nye elevane skal skrivast inn 23. november skal det haldast både informasjonsmøter og lagast informasjonsmateriale. Målet er at ein på eit nøytralt grunnlag skal få lov, i ro og mak og utan press, få velje kva ungane deira skal ha som målform i skulen.
Det høyrest fornuftig ut og er heilt på sin plass.
Så kjem spørsmålet om kva som skjer om trenden frå dette skuleåret held fram. Kor lenge kan politikarane vri seg unna det faktum at kommunen dei siste åra i ekspressfart har utvikla seg frå nesten ein rein nynorskspråkleg kommune, til det ein i dag nærast må kalle ein språknøytral kommune, kor bokmål stadig vinn nytt terreng.
For som me har påpeika mange gonger før i Bygdebladet. Dette handlar ikkje berre om språk. Det handlar om pengar. Mykje pengar faktisk.
Presset på både rådmann og skulesjef blir då korleis ein økonomisk skal forsvare den pengebruken som er knytt til drifta av både bokmål- og nynorskklassar. Det er ei utfordring som vi følgje dei i åra som kjem, og som i alle slike saker så er det inga enkel løysing på «problemet».
Når kommunestyret vedtek eit nynorsk ja neste veke er det også ein siger for mållaget og den kampen dei har hatt. Å få eit kommunestyre til å vedta å halde fram med dagens ordning er ein imponerande siger på mange måtar. Så får tida vise om det er ein siger som vil halde i mange år, eller om dette berre var starten på ein periode kor bokmål sakte men sikkert tar over i Tysvær-skulen. Signala, til tross for folkerøystinga tyder på det. På barneskulane, men også på ungdomsskulane. Stadig fleire vel bokmål, og det bør bekymre mållaget alvorleg. Kampen er på ingen måte over.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør