Etter lang og grundig evaluering, føreslo rådmann Arvid S. Vallestad og skulesjef Eli Krokedal å endre hovudmålforma frå nynorsk til bokmål ved Grinde skule og Tysværvåg barne- og ungdomsskule frå og med neste haust.
Dette var ikkje fleirtalet politikarar i levekårsutvalet einige i. Der kom AP, KrF, SP og FrP med eit fellesforslag om å ta omsyn til folkerøystinga som var tidlegare i år, og helde fast på nynorsken som hovudmål på skulane. Forslaget deira fekk også fleirtal i formannskapet på tysdag. Berre Høgre ved Arvid Bakken og Ola S. Apeland stemte imot.
Splitta signal
Debatten omkring nynorsk og bokmål i Tysværskulen var heit i vår og sommar. Stadig færre elevar ved Grinde og Tysværvåg vel nynorsk, og dette skulåret er det altså ingen. Også ved Førland skule blir dei stadig færre.
Utfordringane ved å halde på nynorsken som hovudmål blir større, og forslaget om å endre hovudform blei lufta i vår. Det fekk nynorskforkjemparane i kommunen til å mobilisere.
Likevel var det ikkje meir enn 19 prosent oppslutning ved folkerøystinga i juni. Blant dei som stemte var det eit fleirtal som sa at dei ønskjer å behalde nynorsken. Med andre ord sa dei som brukte stemmeretten sin noko anna enn foreldra som vel målføre for ungane sine. Likevel stemte politikarane no for å ta omsyn til folkerøystinga og beheld nynorsk som hovudmål i Grinde og Tysværvåg.
Les heile saka i papiravisa