Dag Rønnevik er bekymra for omganget av doping. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Rønnevik. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Alvorleg bekymra

I snart 30 år har Dag Rønnevik vore ein vektløftar- og idrettsprofil i Tysvær. Han er bekymra for doping i idretts-Noreg.

– Eg har blitt testa i snart 30 år og kan med rak rykk seie at eg har tatt alle mine medaljar som rein utøvar. Me som dreiv med styrkeidrettar blei lenge sett på som verstingar, men ein ser nå når måleapparata blir betre, og testane fleire, at det er utstrakt bruk også i andre idrettar. Og ein må sjølvsagt stille spørsmålet. Når nummer fire og fem blir tatt, kvifor skal ein då ikkje mistenke også einerane, seier Dag Rønnevik i Tysvær Vektløftarklubb.
Han har følgt dei siste vekers medieoppslag om doping med argusauge.
– Dette er eit problem idretten må ta på alvor. Eg forventar nå at alle klubbar kjører gjennom «Rein idrett»-kursa som er tilgjengelege og lette å gjennomføre. Dette er eit godt lagt opp pedagogisk kurs, som gir eit godt innblikk i kva doping er. Målet må vere at alle klubbane i Tysvær om kort tid kan skryte av at dei er eit «Reint idrettslag» noko berre to klubbar har status som i dag. Det er for dårleg, seier idrettsleiaren.
Dei to klubbane er vektløftarklubben og Tysvær Kano- og Kajakklubb.

Les heile saka i papirutgåva