Ordførar Sigmund Lier poengterer at utsettingsforlaget kom i kommunestyret.
Ordførar Sigmund Lier poengterer at utsettingsforlaget kom i kommunestyret.

Utsettingsforslaget kom i kommunestyret

– Utsettingsforslaget i målsaka, kom først på banen i kommunestyret, presiserer ordførar Sigmund Lier.

Det har vore både forvirring og misforståingar knytt til målsaka siste tida. I førre avis skreiv Tysvær Bygdeblad at Høgre stemte for å utsette saka i formannskapet sist møte. Det stemmer ikkje. Der gjekk Høgre for rådmannen sitt forslag om å ha bokmål som hovudmål ved skulane i Grinde og Tysværvåg. Dette forslaget fall og fleirtalsforslaget til AP, KrF, SP og FrP om å ta omsyn til folkerøystinga som var tidlegare i år, og halde fast på nynorsken som hovudmål på skulane fekk flest stemmer.
I forkant av kommunestyremøtet blei det jobba med eit utsettingsforslag, der alle gruppene var invitert med. Og i kommunestyremøtet på tysdag blei forslaget fremma og fekk fleirtal, med 21 stemmer. Med dette vedtaket forblir dagens ordning med nynorsk som hovudmål vidareført.
– Samstundes vil ein på denne måten følgje rådet som fleirtalet i folkerøystinga ønskja, poengterer Lier.

Tysvær Bygdeblad beklagar eventuelle misoppfatningar og feilsiteringar i førre sak.