Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

– Fryktar for helsa si

Kommunen fokuserer fullt på radon for tida. Ein bebuar i Aksdal har fått så høge målingar i heimen sin at han no reiser vekk, og flyttar ikkje heim igjen før problemet er løyst.

For eitt år sidan gjekk kommunen ut med ei radonvarsling. Då skreiv Tysvær Bygdeblad om korleis fokus på måling skal gi ei betre oversikt. Fleire privatpersonar har tatt oppmodinga på alvor og føretatt målingar. Nokre har fått skremmande høge utslag.
– Eg fryktar for helsa mi, og våger ikkje bli buande i leilegheita mi før dette er ordna, seier ein bebuar.

Kommunale målingar
Det er kjent at Tysvær har mykje radon i bakken, og sidan hausten i fjor har kommunen og måleansvarleg Ole Jonny Espevold klart å gjere folk meir merksame på gassen som siv inn i både offentlege, og private bygg.
– Me veit at det er mykje radon i Tysvær, så det er ikkje det me skal få ein oversikt over. Det går meir på om tiltak hjelper der ein gjer noko, etter at målingane er lest av. Me har sjølve gjort grep i 13 kommunale bygg, sa Espevold i februar i år, då me sist skreiv om temaet. No er resultata klare.
– Me har målt i absolutt alle kommunale bygg inkludert leilegheiter. Me har også tilbydt å måle Aksdal kyrkje som Felleskyrkjeleg råd eig. Dei er positive og me startar med dette arbeidet neste veke. Målingane våre viser eit gjennomsnitt på 0-1.500 Bq/m3, fortel Espevold.

les heile saka i papiravisa