Vanskeleg å bli klok på

Tysvær kommune går som det grin om dagen. Det som tidlegare var ein stille og litt dyster budsjettkveld, er blitt til ein munter og oppløftande hyllest for god sparing, gode framtidsutsikter og ikkje minst mykje penger tilgjengeleg.

Det som gjer at ein ikkje heilt forstår korleis det står til i Tysvær si økonomiske verd, er inntektene på 180 millionar kroner gjennom eigedomsskatt frå verk og bruk.
På den eine sida eit gode som har lokka oss ut i villfarelse tidlegare, og som nok har si skuld i at det må sparast hardt heilt fram til minst 2021. Og det er nettopp det. Kvifor dette sparekjøret med slike inntekter.
Fordi dei kan forsvinne, i alle fall deler av dei.
Og det er ei utfordring for økonomisjef Tor-Leif Helgesen og rådmann Arvid S. Vallestad å balansere politiske ønsker og krav, med det som er økonomisk realisme i spåkula dei ofte må halde seg til. Korleis er det ein nå planlegg godt nok til å møte framtida – den som ingen veit noko om. Det er ei utfordring dei to herrane skal ha skryt for å ha eit realistisk forhold til. Dei veit ikkje kva som skjer i framtidas Tysvær, men tar likevel høgde for alt muleg. Det skal ein vere tøff for å gjere i eit budsjettforslag.
Eit budsjettforslag er på den eine sida eit dokument der politikarane i etterkant kan boltre seg fritt. Det er samstundes eit varsel om at ein bør tenke seg om. Dei siste åra har det stort sett vore mykje semje om budsjettet i Tysvær. Fleire skal ha skryt for det, men eit godt handverk frå nemnte Helgesen og Vallestad er ein nøkkelfaktor til suksess. Så har ein hatt politikarar som har vist ansvar.
Derfor er det ingen som trur at det som blei presentert måndag vil få særlege forandringar når politikarane har sagt sitt.
Betyr det at alle jublar?
Nei. Det betyr at ein følgjer ein økonomisk trend som nå har vore i eit par år. Det betyr at dei som er taperar framleis vil vere taperar. At dei som allereie har fått dårlegare tilbod framleis vil få det. Det betyr også at dei som har måtta gjere kutt, og som nå kanskje skulle hatt betre rammer ikkje får det. Pengebruk i ein kommune vil aldri vere rettferdig. Når det kjem auke i avgifter og kutt, vil det alltid ramme dei svakaste mest. Slik har det alltid vore, og slik vil det alltid bli. Det er slett ikkje alle i Tysvær som jublar over store overskott og sparing til M+ i karakterboka. Dei har meir enn nok med sitt for å få kabalen til å gå opp.
Ikkje gløym dei i budsjettarbeidet.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør