– Kva meiner du?

Før neste sommar håper rådmann Arvid S. Vallestad å legge fram ein politisk sak om vegen vidare for ein heilt ny, eller ein litt ny ungdomsskule i Tysvær.

Då har innbyggarane fått eit par månadar til å komme med innspel og spørsmål, og arbeidet med å få på plass eit vedtak kan starte opp.
Det er tre alternativ. Slik som i dag. Ny skule, eller å ruste opp Frakkagjerd ungdomsskule (FUS) til ein felles kommunal ungdomsskule.
Me snakkar fort om skuleåret 2024/25 for ein eventuell ny skule trur eg. Då skal dagens 5-åringar begynne på ungdomsskulen. Kor skal dei gå, korleis skal skulen sjå ut?
Det er på ein måte lenge til og vanskeleg å ha ei meining om for dei fleste. Korleis ein skule ser ut om sju-åtte år er vanskeleg å spå. Det er mange spørsmål som dukkar opp lenge før både økonomi og plassering av skulen.
Ser ein bakover i det same tidsperspektivet vil ein sjå at uvanleg mykje har skjedd. I dagens samfunn har ungdommane blitt trekt inn frå «gata» og inn på sin eigen teknologiske stasjon på soverommet, eller i kjellaren. Dei gjer lekser på Skype saman med andre i klassen og brukar nettet til å hente ned både informasjon og førelesingar. Dei sender inn oppgåver og får svar via nett. Det er til og med lærarar som hjelper via chat på tider av døgnet ein kanskje burde ha sove. Det er slik det er i den verkelege verda, den ungdommane kjem til å møte den dagen dei skal ha seg jobb.
Ein del går på trening, kulturtilbod og anna, men det er ingen tvil om at «rommet» er blitt ein viktigare del av livet, enn det var for berre få år sidan, kor ein måtte på senteret, kiosken eller idrettsanlegget for å treffe venner. Nå er dei, og skulen, berre eit klikk unna.
Når ein nå vil bruke opp mot ein halv milliard kroner på ein ny skule for å samle alle ungdomsskulelevane i Tysvær, så må dette bakteppet vere med. Eg meiner at Tysvær kommune må tenkje seg om både ein og ti gonger før ein går laus på eit slikt økonomisk løft. I tider kor den økonomiske pendelen på Vestlandet svingar meir enn me er vant til, kan ikkje eit prestisjeprosjekt som ein slik skule er, prioriterast utan at det er 100 prosent nødvendig. Ein må tørre å snu kvar stein etter svar på om dette er framtida. Ein må lese kvar eit innlegg som kjem i høyringa. Ein må tørre å seie nei.
«Redninga» for dei som blindt vil ha ny skule er at det å ruste opp FUS også kostar. Ein kvart million ++.
Den høyringa som startar nå i desember er ikkje berre viktig for ein eventuell ny skulestruktur. Den handlar minst like mykje om kva Tysvær kommune skal bruke 300 til 500 millionar på dei neste ti åra.
Det kan du vere med å bestemme.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør