I desse dagar mottar ei rekke personar heftet «Mulegheitsstudie kommunedekkande ungdomsskole» som er eit høyringsutkast for den vidare prosessen.
– Då ønsker me å få innspel frå alle som har meiningar i denne saka. Høyringsfristen er sett til 20. januar neste år, og det blir eit slag kick off med eit stort felles informasjonsmøte 15. desember. Då får me mellom anna besøk av professor Thomas Nordahl som kjem med sine tankar om «framtidsskulen», seier rådmann Arvid S. Vallestad.
Lang veg
Det er tre alternativ som i utgangspunktet skal vurderast.
– Det er alternativ 0, som er vidareutvikling av dagens ungdomsskular. Så har me alternativ 1, som er utviding av Frakkagkjerd (FUS) til ein ny kommunedekkande ungdomsskule med plass til 700 elevar fram mot 2050. Alternativ 2 er den mykje omtala nye ungdomsskulen i Aksdal. Nå ønsker me som sagt innspel frå alle typar miljø. Ungdommar, skulefolk, naboar, ung som gamal. Dette er ein av dei største investeringane som skal gjerast i Tysvær gjennom tidene, og då er det viktig med framsnakking, eigeforhold og positivitet i saka, seier rådmannen.
To av gruppene som blir svært viktige i den vidare prosessen er dei føresette og tilsette i Tysvær-skulen.
– Dei skal me ha eigne møter med i tida fram til den 15. desember. Me skal møte FAU, skuleleiarane, tillitsvalte og personale. Målet er å kunne gi mest muleg informasjon om dei planane som er, samstundes som me får tilbakemeldingar som me kan ta inn i prosjektet. Det skal også vere møte med ungdommar som har vore med på eit workshop-prosjekt tidlegare. Ein jobbar også politisk med å få på plass eit ungdomsråd i Tysvær, seier skulesjef Eli Krokedal, som saman med rådgjevar John-Fredrik Rognsvåg skal ta seg av desse møta.
Ungdomsrådet, som skal ha 19 representantar og 19 vararepresentantar, er planlagt som politisk sak før jul.
les heile saka i papirutgåva