Det er på den andre sida av jordkloden og en del av oss kikka bare på fjernsyns- eller dataskjermen og rista på hovudet. – Stakkars dei.
Men midt oppi dett skjelvet var det nordmenn. Mange nordmenn og blant dei ein student frå Skjoldstraumen. Ho bur i byen Christchurch, som sist det var jordskjelv i landet fekk store skader.
Fleire av vennene hennar vakna til nyhende om store øydeleggingar og få nyhende om nordmenn i byen. For Hege som var midt oppi det heile var dette skummelt nok, men ho fekk tid til å legge ut ein melding på Facebook om at alt var bra.
Takk og pris for Facebook. For der midt mellom folks meir eller mindre veltenkte innlegg om dagens gjeremål, sto dei få linjene som kunne roe oss ned.
Då me fekk kontakt med Hege var det også via Facebook. Ho hadde reist med fly og ikkje vore i stand til å oppdatere alle der heime. Men via Facebook så fekk me gjort eit intervju, og lagt det ut.
Og me ser det stadig. Fleire og fleire reiser ut i verda på jobb eller studier. Kontakten heim er ikkje lenger brev eller telefonsamtalar. Det går i snapchat, Twitter og Facebook-meldingar. Livsteikn og oppdateringar. På godt og vondt. Ein kan meine kva ein vil om sosiale medier, men på sitt beste er dei heilt unike. Kor mange som var oppdatert på det som skjedde 12 tidssonar før oss på New Zealand denne sundagen, via sosiale media, får me aldri veta. Men me kan garantert rekne med at det var millionar av mennesker.
At mykje av kommunikasjonen og overskriftene finn vegen via desse kanalane er ein ny trend. Dessverre er det med slike kanalar som mykja anna, også eit forum for spam og søppelpost. For inne mellom alle dei positive og opplysande meldingane som tikker inn heile døgnet, er det slett ikkje alle som har noko å melde. Men eg har bestemt meg for å oversjå dei, slette dei og blokkere dei som ikkje gir seg. Eg ser nemleg kvar dag verdien av desse små livsteikna frå heile verda. Av og til så viktige at me lagar sak om dei, og varslar vidare det me finn.
Hege har det bra, heldigvis. Me er glad me hadde Facebook-kontakt den tunge måndagen då heile verda vakna opp til bileta frå Christchurch, og alle dei andre stadane langs austkysten av New Zealand.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør