Brevet inneheldt informasjon om innskrivinga, brosjyre om målval, informasjon om eit informasjons-møte om målval, og elevkort/innskrivingskort med opplysningar om barnet som skulle innskrivast.
Dei tre første punkta var på nynorsk, med grei informasjon. Men elevkor-tet/innskrivingskortet var på bokmål! Dette betyr at alle elevane som vart innskrivne ved Grinde skule vart innskrivne på eit elevkort med tekst på bokmål, trass i at Grinde skule er ein nynorskskule. Dette er etter mi meining å sabotera nynorsk som administrasjonsspråk ved Grinde skule. Dette er ikkje akseptabelt og må rettast opp snarast råd!
Eg lurer på kva foreldre/føresette ved bokmålsskulane i Haugesund ville sagt dersom barnet deira hadde blitt innskrive på elevkort med nynorsk tekst?
For to år sidan klarte rektor ved Grinde skule å skremma/overtala ni av eleve foreldre/føresette som hadde velt nynorsk som opplæringsmål til å gå over til bokmål. Hovudargumentet var at det var uheldig/ei ulempe for elevane å gå i små klassar. Det er liten tvil om at her tok/tek rektor feil. Små klassar samanlikna med store klassar er ikkje ei ulempe, men ein fordel både for læra rane og elevane. Lærarane får færre elevar å halda styr på, og dermed meir tid til kvar enkelt elev. Eventuelt støynivå vil bli mindre og læringsmiljøet vil bli betre. Elevane vil ofte få nærare kontakt med kvarandre og samhaldet og klassemiljøet vil ofte bli betre i små klassar enn i store klassar.
Kor mange foreldre/føresette rektor klarte å skremma/overtala til å velja bort nynorsk i fjor veit eg ikkje. Men det er tankevekkjande at alle vaIde bokmål.
Ved innskrivinga 17. november i år, vaIde rektor ein litt annan taktikk enn for to år sidan. I år reklamerte rektor for bokmål, og snakka dermed ned nynorsk, ved å seia at det er letta re å skriva bokmål enn nynorsk, til stor undring og irritasjon for foreldre/føresette som høyrde på.
Meir skal det kanskje ikkje til før enkelte foreldre/føresette vel bort nynorsk … Slik reklamering forventar ein ikkje av ein rektor ved ein nynorskskule. Kor lenge har rektor haIde på på denne måten? Er det rart at nynorskprosenten ved Grinde skule har gått ned dei siste åra? Kor mange rektor klarer å skremma/overtala til å velja bort nynorsk i år står att å sjå. Skulle rektor driva reklame for ei språkform, så burde det vera for nynorsk, om ikkje anna for å styrkja og ta vare på språktradisjonen ved skulen og i skulekrinsen.
Når det gjeld påstanden om at det er lettare å læra bokmål eller nynorsk for barn som veks opp i Grinde/Tysvær, så trur eg at rektor også her tek feil. Dialekten i Grinde/Tysvær ligg tett opp til nynorsk, og det er lettare å læra eit skriftspråk som ligg tett opp til dialekten enn å læra eit skriftspråk der avstanden mellom dialekt og skriftspråk er stor. Det er faktisk få dialektar her i landet som ligg tett opp til bokmål. Språkopplæringa tek som regel ut-gangspunkt i dialekten, og ved mange skular får elevane skriva dialekt før dei lærer seg rett skrivemåte. Det er lettare å skriva «eg» når ein seier «eg» enn det er å skriva «jeg» når ein seier «eg» eventuelt «jei».
Her til lands er det to likestilte skriftspråk. Alle skal læra både nynorsk og bokmål. Ved opptak til vidaregåande skule tel nynorsk og bokmål like mykje. Det viser seg at dei som har nynorsk som fyrste opplæringsmål har ein fordel framfor dei som har bokmål som fyrste opplæringsmål. Dei som har nynorsk som fyrste opplæringsmål får også som regel betre karakterar i norsk (nynorsk og bokmål) enn dei som har bokmål som fyrste opplæringsmål.
Kjære foreldre/føresette: la ikkje skremselspropaganda frå ein tilsynelatande lite nynorskvennleg rektor få bestemma kva de vel. Vel nynorsk!
Knut Ottar Kringeland,
bestefar til ein som startar
i nynorskklassen ved
Grinde skule neste haust