Ta grep Sigmund, og det nå

Sigmund Lier er ein folkets ordførar. Han har hatt evna til å komme seg ut og treffe dei som både har valt han til ordførar, og til dei som var meir skeptisk.

På ein måte har han gapa høgt og tatt sats, men jaggu har han klart å lande det meste han har prøvd seg på. Nå har han fått ein sak servert, utan at eg trur han heilt er klar over det.
Det gjeld nemleg ungdommen som fell litt utanfor 4-4-2, korps og andre organiserte fritidstilbod.
Det er denne gjengen som ein syt litt med å gjere noko for. Ofte fordi det ikkje alltid er så lett å måle resultata på dette ungdomsarbeidet. I fotball har ein tabellar og kan telje kor mange ungar som nyt godt av kunstgras og andre kommunale tilbod. I kulturen kan ein både spele konsertar og ha utstillingar og vurdere kva talent som finnest i kommunen.
Dei mellom 60 og 100 som ein eller fleire gonger i året er innom Avanati på Frakkagjerd er ikkje så lette å måle eller sette i bås. Men dei er på sin måte ein ressurs som kommunen treng. Klubben fangar opp ei spennande gruppe ungdommar som liker å finne på ting sjølv, som ikkje er redd for å ta i eit tak, og som klarer med litt kommunal støtte å drive klubben sin. Eigentleg gjer dei ein jobb både Lier og dei andre i kommunen burde prioritert høgare i sine budsjett.
Og nå har ordføraren fått det servert. Brannvesenet har stengt lokala fordi ikkje alt var slik det burde være. Ikkje bra sjølvsagt, men ikkje verre enn at her har politikarane våre fått ein gyllen sjanse til å vise handlekraft innanfor overkommelege summar. Nå har ein fått sjansen til å vise kva dei meiner om desse ungdommane, som ikkje er meir spesielle enn at dei ikkje finn det meir naturleg å være med i Stegaberg eller Skjold, enn å drive sin eigen klubb.
Det er forresten fleire av dei som også nyttar seg av det tilbodet.
I etterkant av stenginga har representantar både for klubben, det politiske Tysvær og kulturkontoret vore og kikka etter alternativ.
Slutt med det. Det er berre eit alternativ og det er å finne fram pengar og ruste opp dagens Avanti. Eg trur fleire av dei som styrer pengesekken vil bli positivt overraska om dei tar ein tur i klubblokal og ser kva som er skapt i den gamle garasjen til Wee.
Få ein pris, gjer jobben og opne dørene igjen før ungdommen har forsvunne. Tysvær kommune har rett og slett ikkje råd til å la vere.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør