Erlend Straum har mange arbeidstimar med juletre bak seg, og har ofte hatt kameratar med seg for å hjelpe til i den travlaste tida.
Erlend Straum har mange arbeidstimar med juletre bak seg, og har ofte hatt kameratar med seg for å hjelpe til i den travlaste tida.

Frå rot til juletrefot

Vegen frå ei juletreplante blir sett i jorda til du set lys på treet i stova di, er lang. I desse dagar har juletreprodusentane den travlaste tida i året.

Dei kommande vekene skal mange juletre finne vegen inn i folk sine heimar. Dei blir stasa opp med stjerne, kuler og flag, og speler ei sentral rolle for julefeiringa i mange stover.
Men bak treet ein fornøgd tar under armen og ber med seg heim, ligg mangfaldige timar med hardt arbeid. Frå eit juletre blir planta, blir det stussa, gjødsla, luka rundt og tatt godt vare på i sju til ti år, før det kjem til glede i julepynta stover.
Familien Straum i Skjoldastraumen har drive juletreproduksjon i omlag 15 år. Dei to husa på garden er omkrinsa av omlag 100 mål med mellom 50 og 70 000 juletre.

Travel tid
Mange har kanskje ikkje tenkt så mykje på juletreet før pakkane ligg einsame midt på stovegolvet litle julaftan. Då ber det til ein forhandlar for å kjøpe seg eitt. Ein enkel affære der ein peiker, får i handa og kan ta med seg heim.
Familien Straum i Skjoldastraumen tenker på juletre heile året. Spesielt i byrjinga av november er det travelt på garden, då juletrea skal hoggast, bli dratt ut av felta, pakkast inn og sendast av garde.
– I dei travlaste vekene i november er det familien som trør til, med litt ekstra hjelp. Ofte har sønene med seg kompisar om laurdagen som er med og hjelper til i denne sesongen. Her har vore mange store grautgryter om laurdagen i åra som er gått, fortel Olav Straum med eit smil.
Det er ei travel tid, og mykje tungt arbeid.
– Gutane får verkeleg tatt seg ut, seier Straum.
– Det tyngste er nok å dra juletrea ut av felta, slår Ola Tønes Straum fast.
Då me er på besøk ein tysdag i november, har 19-åringen fri frå skulen og hjelper til med juletrea. Storebror Erlend har flytta inn i det eine huset på garden, og hjelper også mykje til med det som trengst.

Skaper julestemning
I år er det 2500 juletre som skal seljast. Dei blir merka med raude, blå og gule merke. Desse bestemmer kva kategori dei ulike trea er, der dei raude er dei aller finaste.
Det er for det meste oppkjøparar som kjøper trea. Dei blir då henta av trailerar, og ofte lagt på store pallar. Alle tre som blir sende skal vere innpakka i netting.
– I tillegg har me sjølvhogst dei to siste helgene før jul. Hit kjem mange igjen år etter år, spesielt familiar med små ungar. Då har me godteposar, graut og gløgg, fortel Olav.
Familien synest det er kjekt å lage ei fin oppleving rundt det å hente juletre. Dei har alt mange faste som kjem kvart år, som til dømes sponsorlauget til FKH som kjem i hopetal i stor buss for å sikre seg det finaste treet.
– Me leverer også til kyrkjer og skular. Så sender me eit tre til Røvær årleg, fortel Olav.
– Kor stort er det ideelle juletreet?
– Det blir hogd litt ulike storleikar. Eg vil seie at omlag to meter er ideelt. Me bruker å hogge frå cirka 180 centimeter og oppover, seier han.
Olav legg til at ofte vil somme også ha mindre juletre enn dette, til barnerom eller små leilegheiter.

Tidkrevjande
Å drive juletreproduksjon er utan tvil ein heilårsjobb. Olav arbeider fulltid i ein annan jobb, så mange ettermiddagar, kveldar og fridagar blir brukt på juletrea. I november tar han også ofte noko fri for å gjere alt i stand til sending av juletrea.
– Det er jo sesongar som er meir intense enn andre. Nå er det jo sjølvsagt travelt, og midt på sommaren er det travelt. Då må ein passe på av trea veks passe, og regulere at dei ikkje blir for breie eller for høge i toppen. Då klipper me skot, og regulerer slik korleis treet veks, forklarer Olav.
Ein må også sprøyte for ugras og gjødsle trea. Noko kan gjerast med maskinar, der juletrea står på flat mark. I meir ulendt terreng må alt gjerast for hand.
Med mellom 50 000 og 70 000 juletre er det ikkje til å stikke under stol at dette tar litt tid.
– Det er godt me har sterke søner, ler Olav.

«Inn» med plasttre
Ein ser stadig auke i sal av plastikkjuletre. Sjølv ser ikkje Olav på plasttrea som noko stor konkurrent, men han synest det er synd at fleire og fleire vel plasttre framfor levande tre.
– Ein kjøper jo ikkje plastikkroser til å ha heime i ein vase. Det eg synest er litt synd er at store hagesenter er ein av dei største på sal av plasttre. Dei burde fronte levande liv, synest eg. Kva ønsker me å lære ungane våre om juletre? At det er noko naturleg, eller ennå ein ting av plastikk som ein kan kjøpe på supermarknad? seier han.
– Dessutan lukter jo juletre veldig godt, og det er ein tradisjon, skyt Ola Tønnes inn.
– Jula er fylt av tradisjonar, og sjølv om motane endrar seg og folk kjøper plasttre nå, kan det naturlege juletreet bli meir populært igjen, seier Olav.
Juletrebonden legg ikkje skjul på at det er litt tøffe tider for tida, og at han har funne det vanskeleg å få selt alle juletrea sine i år.
– Produksjonen i Norge er mykje styrt av produksjonen elles i Europa. Nå er det til dømes veldig stor produksjon i Danmark. Å drive med juletre er som å drive anna gardsbruk. Det er primærnæringane som blir pressa på pris, seier Olav.

Snart blir dei fargerike merkene i toppane av trea til Olav Straum byta ut med stjerner, og vestlandsregndråpane med remser av glitter. Juletrebonden sjølv kan senke skuldrane litt, før våren på nytt bankar på døra med ein ny runde planting, luking og gjødsling.

Les fleire koselege saker i Adventsmagasinet vårt, som kjem ut til heile Tysvær i dag.