Tollak Emil Gismarvik er klar for spel i Skjold. Trenar Håkon André Waage har følt utviklinga hans over fleire år.
Tollak Emil Gismarvik er klar for spel i Skjold. Trenar Håkon André Waage har følt utviklinga hans over fleire år.

Fleire fekk vist seg fram

Jonas Staurland og Sjur Lothe fekk vist seg fram då presselaget møtte FKH i treningskamp. Det gjorde også Roy Miljeteig. Skjold har signert unggutt frå Falkeid.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Fleire lokale fotballspelerar brukar november og desember på å trene med andre klubbar, og å sjekke litt om korleis det utanføre si eiga leikegrind. Skjold-spelar Jonas Staurland skal mellom anna trene med Vard og Thormod Ness.
– Eg veit ikkje heilt kva eg går til, men det er dumt å ikkje sjekke ut korleis det er på det nivået. Eg fekk spele ein omgang for presselaget mot FKH, og det var også ei god erfaring. Det går fortare og spelerane har ein mykje betre fysikk enn det me møter til vanleg i Skjold, seier Skjold-spelaren.
– Korleis er ein slik kamp?
– Det er litt spesielt, men trenerane sa klart frå at her var det berre å gå ut og ha det kjekt.
– Tenkte du at det satt mange speidarar på tribunen?
– Det var eg klar over, men tenkte ikkje på det under kampen. Då hadde eg meir enn nok med å stoppe gode FKH-spelarar.

Roy skåra
Kampen som blir arrangert av Haugesunds Avis, hadde tre tysværbuar på banen. Staurland og Vard-spelar Sjur Lothe på den eine sida, Roy Miljeteig på den andre.
– Roy skåra på straffe og dei tok leiinga 1-0. Han var god synest eg. Sjur spelte vel omlag 60 minuttar for oss, og er også ein god spelar. Eg trur me var mest glad for uavgjort, seier Staurland.
– Kva tenker du om det som skjer nå. Blir det Skjold, eller er du på leit etter noko anna?
– Akkurat nå er det Skjold eg tenkjer på og mykje skal skje om det ikkje blir eit nytt år der. Når det er vinter blir det alltid ein del som reiser litt rundt og trener med andre. Det kan vere på grunn av kompisar, eller at dei vil ha andre utfordringar. Eg trur ikkje det blir nokre store utskiftingar.
Også denne veka er det spelerar på besøk både i Skjold og i Stegaberg. Det kan bli signeringar allereie til helga, og fleire spanande namn har vist seg fram både for Håkon André Waage og Dag Frode Tønnesen.
– Me kan nå stadfeste at Tollak Emil Gismarvik skal spele for oss neste sesong. Han har imponert stort på trening. Han kjem frå Falkeid. Elles har me hatt ein del spennande spelerar innom, utan at dei har signert, seier Waage.