Barnehage blir dagsenter

Formannskapet vedtok tysdag å etablere ny tre-avdelingsbarnehage på Førland, ny småbarnsavdeling på Fjellhaug og legge ned Frakkagjerd barnehage. Lokala på Frakkagjerd skal gå til nytt dag- aktivitetssenter for funksjonshemma.

Den nye tre-avdelingsbarnehagen på Førland skal etter vedtaket, etablerast i modulbygg.
Området er i vekst, og ein treng fleire barnehageplassar. Det same gjeld Fjellhaug. Trass i at barnehagen er relativt ny, treng ein no meir plass. For 10 år sidan var rundt 40 prosent av ungane 1-3 år, no er talet nesten dobla. Dette gjer at ein ny småbarnsavdeling må på plass.
Ein skal også vurdere ledig kapasitet i Førresdalen barnehage.

FRP-forslag
FRP ved Randi Rettedal føreslo å stryke tildelinga til Fjellhaug i vedtaket, med forklaringa at ein klarer å løyse dekningsproblema på annan måte.
– Som bestemor, seier eg at dei små ungane ikkje har vondt av å dele avdeling med dei store, kommenterte ho under møtet.
I dag må nemleg dei minste ungane i Fjellhaug barnehage dele lokale med dei store, i manko av stor nok småbarnsavdeling.
– Me er nøydde for å ivareta behovet til eittåringane. Då kan me ikkje ta ut eit punkt her. Det vil ikkje fungere, parerte Anita Halsnes (AP).
Forslaget til FRP om å droppe Fjellhaug fall med to mot sju stemmer (Randi Rettedal (FRP) og Sven Ivar Dybdal (SP).
Den nye småbarnsavdelinga på Fjellhaug vil gi 10 nye plasser.

Langsiktig dekning
Frakkagjerd barnehage vil bli lagt ned 1. august 2017, og lokala skal altså omdisponerast til dag- og aktivitetssenter for funksjonshemma. Midlane som er sett av til rehabilitering av barnehagen i 2016, blir overført til etableringa av dagsenter.
Rådmann Arvid S. Vallestad har omgjeringa av barnehage til senter for funksjonshemma med i budsjettforslaget og økonomiplanen sin.
– Eg meiner at desse tiltaka, i tillegg ledig kapasitet i Skjoldastraumen Maritime Fus barnehage og Tysværvåg barnehage, vil møte forventa behovsutvikling i dei nærmaste 5-8 åra, sjølv med nedlegginga av Frakkagjerd barnehage. Planlegging og prosjektering av utviding av Aksdal barnehage bør me kunne vente med til 2020-22, uttaler Vallestad.

I neste omgang skal saka opp i kommunestyret, der ho skal endeleg vedtakast.