Vokalist, tilsett på Bokea (Libris-butikk på Markedet), medleiar av Flytten, grafisk designar, bookingansvarleg på Folken, kulturarbeidar på Hemmingstad kulturhus og no kulturkonsulent i Tysvær kommune. Johnny Liadal har lang fartstid i musikk- og kulturmiljøet. 
Foto: Mona Terjesen
– Dette handlar om musikkhistorie knytt opp mot ei svært musikalsk høgtid. Det blir fort noko som manglar om ein ikkje finn fram ein LP eller CD med julemusikk, Seier Johnny Liadal.

Det blir ei trist jul utan

– I’ll have a blue Christmas without you… Pinnekjøtt og ribbe?
Nei. Julemusikken. Frå svisker til punk.

Som mykja anna i desse juletider så er julemusikk ein viktig tradisjon. Kjente og kjære songar surrar og går. På kjøpesenter, i radioen og sjølvsagt på fjernsynet. Kvar dag – non stop.
– Kvifor blir ein ikkje lei?
– Dette handlar om musikkhistorie knytt opp mot ei svært musikalsk høgtid. Det blir fort noko som manglar om ein ikkje finn fram ein LP eller CD med julemusikk. Slik har det alltid vore og det er ingenting som tyder på at dette er ein trend som vil avviklast med det første, seier Johnny Liadal.
Han er over snittet interessert i både musikk og julemusikk. Og på spørsmål om kvifor så mange gir ut julesongar, langt frå den sjangeren dei vanlegvis speler, har han eit klart svar på.

Tradisjonar
– Dette handlar om tradisjonar som store artistar har tatt vare på gjennom mange år. Det er lett å trekke fram Elvis som eit døme. Kunne Elvis, ja så kan vel me også, har nok mange tenkt. Julemusikk er spelt inn så lenge musikk er blitt lagra, men slo skikkeleg kommersielt gjennom på -50-talet med artistar som nettopp Elvis. Irving Berlin sin «White Christmas» frå 1942 er ein av tidenes mest selde og innspelte songar, og kjem i stadig nye versjonar.
– Er det noko i musikken som gjer at dette er ein eigen sjanger, eller der det tekstane som styrer alt?
– Nei, eg trur det er begge delar som speler inn. Tekstane, sjølvsagt. Frå det banalt naive og romantiske til gode og djupe tekstar. Musikken er ofte bygd opp lag for lag med gjentakingar i lydbildet av for eksempel bjøller og andre rytmeinstrument. Dette gir den rette julesounden. I tillegg er mykje av julemusikken spesielt vellukka for ein del av vokalistane som har stemmer som får fram krafta i komposisjonane. Når det er sagt så har ein heile spennet. Frå rock til det mest sarte lydbilde, seier Liadal.
Leiter og leiter
Liadal er ein av dei som stadig kikkar i platebutikkar etter godbitar med julemusikk. Soul-singlar står høgt i kurs.
– Eg samlar alt eg får tak i av amerikanske soulband og artistar som har gitt ut julemusikk. Det er toppen. Men eg har også mykje anna, som eg meiner er viktige bidrag i musikkhistoria. «A Christmas Gift for You from Phil Spector» (1963) ser eg på som ein milepæl. Så kom dei ein etter ein utover, med John og Yoko «Happy Xmas War Is Over» som ein av dei mest kjende. På -80 og -90-talet tok det heilt av og i dag er det eit uttal av album og songar som kjem ut kvart år. Ujamn kvalitet, men slett ikkje utan eit par skikkeleg hits inne i mellom, seier Liadal.
– Kor stort er spennet i utgivingane?
– Det blir sjølvsagt stort når ein har Ramones, som er eit amerikansk punk rock-band som gav ut «Merry Christmas (I Don’t Want to Fight Tonight)» i 1990, og ein legg det ved sida av enten Frank Sinatra eller Sissel Kyrkjebø. Men eg trur at denne variasjonen i artistar, som alle på ein eller annan måte har respekt for sjangeren, gjer at det er litt ekstra stilig å kunne ha ei juleplate, eller ein singel på CV-en for dei aller fleste.

Bakgrunnen
Når ein handlar til jul er det ofte dei «glattaste» og mest spelte julesongane som strøymer mot oss i butikkane.
– Slik er det nok, men eg trur at dei aller fleste gjer det same heime. Dei set på ei juleplate og lar den surre å gå i bakgrunnen. Eg og er der. Men av og til finn eg fram singlane mine og kosar meg med dei. Eg skjønar likevel godt dei som spelar julemusikk til arbeidet, det passar godt saman. Og kven har ikkje prøvd seg som tenor på «O helga natt» når ein trur ingen høyrer dei? Oh, yes, det blir ingen «blue christmas» om ein berre finn fram julemusikken i tide, seier Johnny Liadal.
Og med ei bunke plater i hendene er han meir enn klar til å serve julehits, noko som passar godt til dei fleste matrettar både før og etter julaftan.

Her er Johnnys topp 5:
Drifters: White Christmas
Low: Just like Christmas
Bill Whitters: The gift og giving
The Staple Singers: Who Took the Merry Out of Christmas
X-T-C: Thanks for Christmas