Lars Birger Baustad og Svein Terje Brekke meiner det er svært viktig for Førland at ein har barnehage i bygda.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Nathaniel Stensen og Jan Helge Naley er i styret til ungdomsklubben Avanti. Politikarane lytta til ungdommen og skal nå brannsikre klubblokala.

Får behalde Avanti

Avanti skal brannsikrast og det nå. Det er konklusjonen etter at politikaren gjorde det dei hadde lova.

Ordførar Sigmund Lier tok tak i stenginga av ungdomsklubben Avanti ved første korsveg. I formannskapet informerte han om kor mykje det ville koste å få opna dørene igjen. Ingen av dei andre i salen hadde nokon innvendingar mot at omlag 210.000 kroner må brukast, og det straks.
– Eg leste det var litt ungdommeleg skepsis til oss politikarar så nå ønskjer me å gjere det heilt klart at me støttar dei 100 prosent. Me har bedt om eit utgreiing om kva som må gjerast som strakstiltak og det kostar 210.000 pluss moms. Så får ein etterpå, når klubben er opna igjen, sette seg ned saman med ungdommane og det nye ungdomsrådet i Tysvær, og legge ein plan for slike aktivitetslokale for framtida, seier ordførar Lier.

Kan skje raskt
Tysvær Bygdeblad har fått tilgang til det interne notatet frå brannkonsulenten og det bør vere muleg å få tilfredstilt dei fleste krava rimeleg raskt, slik at klubben kan starte opp igjen i sine vante lokaler.
– Det er akkurat det som er målet. Me har blitt utfordra av ungdommane på dette, og det har me tatt vidare til dei som nå skal planlegge og gjennomføre dette. Me skal få på plass betre brannvarslaranlegg og fleire rømmingsvegar. Det skal komme nytt brannslokkingsutstyr og ikkje minst skal me få på plass ein ny leigeavtale med Rolf Wee. Det er me som er ansvarleg for dette, og derfor er det me som nå må gjere ein jobb, seier Lier.
Utfordring

Les meir i papirutgåva.