Slik såg det ut då politikarane besøkte Rasmus Skorpe på campinga på Nedstrand sommaren 2010. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Slik såg det ut då politikarane besøkte Rasmus Skorpe på campinga på Nedstrand sommaren 2010. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Får fortsette eitt år til

Det har vore mykje usikkerheit og spørsmål knytt til den vidare drifta av Nedstrand Feriesenter. No kan kommunen avsløre at Rasmus Skorpe får drive vidare eitt år til. Deretter skal nye folk på banen.

Utfordringa har ligge i at leie- og festkontrakten Skorpe har med kommunen har ulik løpetid. Den eine går eigentleg ut dette året, mens den andre går ut neste år. Kommunen har nytta seg av advokatbistand i saka.
– Eg bistår Tysvær kommune, og kan fortelje at dei har brukt hausten på å få avklart dei avtalemessige sidene rundt avslutninga av festekontrakten med Rasmus Skorpe. Kommunen har ikkje hatt moglegheit til å uttale seg i saka før dette var avklart, fortel advokat Christian Tumyr Kjær i Eikesdal Advokatfellesskap.

Fortsett campinga
Det var tidleg i sommar at politikarane vedtok å ikkje fornye kontraktane med Skorpe. Festekontrakten gjekk ut 31.12.2016, og kommunen håpa å få nokon nye på banen så fort som mogleg for å drive campinga vidare. Men så viste det seg at leiekontrakten varer eitt år til. Etter fleire rundar partane imellom, har ein altså no komme fram til at Skorpe får drive ut neste år.
– Etter ei heilskapsvurdering så ser kommunen det som hensiktsmessig å få ei felles avslutning på avtaleforholda, sidan dei er så tett knytt til kvarandre, seier advokat Tumyr Kjær.
I sommar, etter vedtaket, laga Bygdebladet fleire saker om feriestaden. Leigetakarane på plassen frykta at campinga skulle bli lagt ned, og det var stor uvisse omkring framtida på Stuvik.
No kan advokaten fortelje at Tysvær kommune kjem til å fortsette.
– Kommunen understreker at dei vil tilby vidare campingplass på Nedstrand. Kva løysning dei ender opp med på sikt, er avhengig av den nye områdereguleringsplanen. Dette er også ein prosess dei vil byrje på i næraste framtid, fastslår han.

Lang kamp
Rasmus Skorpe har vore ute i hardt vêr tidlegare, og kommunen har fleire gonger vurdert å avslutte avtalane med han. I 2010 var politikarane på synfaring hos han, etter at Skorpe ikkje har overhalde tidsfreista for å ordne opp i pålagte oppgåver. Rådmannen innstilte på oppseiing av festekontrakten, men dei folkevalte gav han ein ny sjanse. Han fekk tid på seg til å ordne opp i løpet av året, og dei trekte deretter oppseiingsvedtaket.

Les meir i papirutgåva.