Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Suksess for «Damenes aften»

Aksdal Senter var stappfullt av glade damer på torsdag. «Damenes aften» blei ein stor suksess frå ende til annan.

– Eg skal gå manekeng for første gong i mitt liv, og er veldig spent, fortel Inger Lura Fjeldheim.
Ho var éin av mange som viste fram klær frå senteret under arrangementet torsdag kveld.

Populært
– Veldig bra initiativ. Me har lenge venta på noko slik i Tysvær, seier Marita Miljeteig.
– Me var tydelegvis heldige som fekk billettar. Heile opplegget er veldig bra, og det er klart at me vil komme når noko slik blir arrangert lokalt, legg Irene Krystad til.
170 damer var tilstades på «Damenes aften». Billettane gjekk fort, og heile 70 stykker står no på venteliste for neste år.
– Me håpa på 50, men så blei billettane så fort seld ut, at me våga oss på 50 til. Så la me jammen ut 70 til og dei gjekk like fort. No står det altså 70 på liste som vil gå til neste år. Dette er over all forventning, sa butikkeigar Siri Nymark under showet.

Fell i smak
Lettkledde mannfolk, vakker song, god mat og drikke, stand up, kåseri, bokpresentasjon, moteshow og shopping… alt dette stod på menyen under Aksdal Senters første «Damenes aften» på torsdag. Og etter smila, latteren og tilbakemeldingane å dømme, vil det raskt stå fleire enn 70 på venteliste for neste år…