Har henlagt saka

Politiet har ikkje komme fram til noko brannårsak etter brannen i Høievegen 22. august.

Det skriv Haugesunds avis.
Politiet fekk melding om bustadbrannen ved 14.30-tida den 22. august. Ein time seinare var huset brent ned.
Lensmann Racin Tjøsvoll seier til Haugesunds avis at det har vore vanskeleg å komme fram til ei mogleg brannårsak.
– Huset var heilt utbrent og me har ikkje klart å konkludere på brannårsak, seier han til avisa.
Saka er nå ferdig etterforska, og blei sendt til påtale for ei tid sidan, skriv Haugesunds avis.
Då Tjøsvoll undersøkte status på saka for Haugesunds avis tysdag, kunne han fortelje at saka nå er henlagt.