Takk alle frivillige!

Me har skrive mykje om ventetida i dei siste avisene våre. Adventstida med alt det fine som høyrer den til.
Dessverre er ikkje denne tida like harmonisk og forlokkande for alle.

Eg tenker på dei som ikkje har nokon å vente saman med. Ingen å telle ned luker med, handle gåver til, pynte saman med, glede seg saman med… For dei som er aleine kan førjulstida vere vond. Kanskje har dei akkurat mista nokon som stod dei nær. Kanskje er det lenge sidan dei hadde nær familie.
Då er det utruleg godt å vite at det finst folk som bruker av fritida si – til å gjere jula litt lettare og lysare for desse.
Desse frivillige er det mange av. Kvart år finn dei på ting, lagar arrangement og inviterer til feiring på juleaftan. Dei lager middag og dessert til dei som ikkje har andre å feire med. Pakkar inn gåver til dei. Gjer kort og godt alt dei kan for at alle som ønsker det, skal få ei fin og verdig jul.
Desse folka fortener eit solid klapp på skuldera. Det er ingen sjølvfølgje at dei skal tenke på «alle andre» i denne travle tida. Men dei gjer det likevel, fordi dei ser verdien av det. Dei unner alle å ha det like godt. Takk til dokker – flotte menneske.
Eg har ikkje tenkt like mykje over det før, kor mykje det krev å vere frivillig. Ikkje før eg tok på meg vervet som trenar for 6-åringen min sitt fotballag. Folk rundt tar det ein gjer som ei sjølvfølgje. Tenker ikkje over at du bruker av di eiga tid. Etter jobb, middag og alt anna. At du dedikerer deg og forpliktar deg, for å gjere noko for andre.
I mitt tilfelle har eg naturleg nok også eigeninteresse av frivilligheita mi. Så då er det enda meir beundringsverdig synst eg, at enkelte stiller opp for andre, heilt utan personleg relevans.
Poenget mitt er at me må bli enda flinkare til å sjå desse frivillige. Erkjenne den fantastiske innsatsen dei gjer. Det er mange av dei, og alle fortener like stor honnør (året rundt). Men i desse dagar er det altså dei som bruker advents- og juletida på andre enn seg sjølv eg vil rette fokus på.
Ein veldig stor klapp på skuldera og ein veldig stor takk – på vegne av alle oss andre som har det travelt med å tenke på ønskelistene til ungane våre, menyen på juleaftan og kva me skal ha på oss i romjula.
Jula hadde blitt umåteleg trist for mange – om det ikkje hadde vore for dokker.

Dette temaet sett me ekstra fokus på i årest siste utgåve av Bygdebladet, den 22. desember. Gled deg.

Mona Terjesen
Journalist