Kinosjef Øystein Simonsen er svært fornøyd med 2016 og gleder seg til året som kommer. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Randi Rettedal ønsker å fortsette som listetopp for Tysvær FrP i neste periode.

Tre tysværbuar i Peter Pan

Even (8), Hanna (9) og Thea (10) frå Tysvær er med i den store teateroppsettinga av Peter Pan, som blir spelt på hovudscena i Festiviteten i vinter.

Historia om guten som aldri blir vaksen, går aldri av moten. I januar og februar sett Haugesund Teater opp det klassiske stykket, og i tre av rollene treff me altså nokre svært unge, men talentfulle tysværbuar.

Profesjonell oppsetting
– Eg skal spare til motorsykkel, seier Thea Vinnes frå Høie ivrig.
– Eg skal kjøpe flatskjerm-tv eller hund, nikkar Hanna H. Askeland frå Førre.
Dei har allereie planane i orden. For dette er deira første profesjonelle jobb. Der dei rett og slett er tilsett av teateret for å gjere ein jobb og får betalt deretter.
– Eg har drive med teater sidan eg var 5 år gammal. Då budde eg på Bømlo, og for eitt år sidan flytta me til Aksdal. Sidan då har eg vore med her i barne- og ungdomsteateret i Haugesund. Trass i at eg har spelt i fleire stykke tidlegare, så er nok dette det største. Så var det jo litt kult at me måtte på auditions for å få rollene, fortel Even Rolfsnes-Waage.
Hanna byrja også tidleg med teater, ho var faktisk ikkje meir enn 3-4 år gammal. Thea er litt nyare i gamet, og starta opp for eitt års tid sidan.
I Peter Pan-stykket skal Even og Thea spele tvillingar, og Hanna har rolla som Michael – veslebroren til Wendy.
– Me fekk nettopp manuset og eg har talt opp, 43 replikkar har eg, fortel Hanna.
– Me skal seie litt mindre, resonnerer dei to andre seg til.
Men spente er dei alle. Denne veka starta dei med første gjennomlesing, og det blir stort å få spele mot profesjonelle, vaksne skodespelarar.
– Men det blir veldig gøy, me kjem heilt sikkert til å lære mykje av dei, meiner Hanna.

Les meir i papirutgåva.