– Det er nok mange som interesserer seg for saker og kunne tenkt seg å følgje med, men så passer det ikkje alltid å møte opp på kommunestyremøta. No kan dei sitte heime og følgje med på nettsida vår, fortel Liv Jorunn Frønsdal og Hilde Surnevik i kommunen.
Live og opptak
Me treff dei to i kommunestyresalen måndag denne veka. Då er Jan Petter Varne frå Atea, i full gang med å installere kommune-tv-løysninga.
– Det er mykje som skal på plass på ei veke, men det kjem nok til å gå bra. Det blir spennande å både sjå kor mange som vel å følgje sendinga på nettet, og korleis politikarane taklar situasjonen, seier Liv Jorunn.
Det er mange kommunar i Norge som allereie har gått for denne løysninga. Kommune-Tv er ikkje meint som noko sparetiltak, men som eit ekstra tilbod til innbyggarane. Ein kan både sjå det live og i opptak. Møteopptaka blir liggande på kommunen sine nettsider og ein kan klikke seg inn på kva møte og kva sak ein vil.
– Me er opptekne av å ha ei god nettside og vil følgje utviklinga. Dette er ein del av det, legg Hilde til.
Kommunen er no også i gang med å få på plass ei ny nettside.
Meir engasjement
Då me er på besøk, får me sjå korleis kommunestyresalen no blir utstyrt med kamera. Eit skal peike mot talarstolen og podiet der mellom andre ordføraren og rådmannen sitt, eit anna skal peike mot forsamlinga. Når ein ser møta på internett, kan ein sjølv velje kva kamera ein ønsker å følgje.
– Det heile er veldig oversiktleg og enkelt lagt opp. Og tv-løysninga kjem til å vere plassert godt synleg på nettsida vår. Særlig i starten er nok det viktig, seier Hilde og Liv Jorunn.
Dei to håper at dette nye tilbodet vil gjere at folk i kommunen engasjerer seg enda meir framover.
– Me trur nok at dette vil gjere det lettare for folk å følgje med og engasjere seg. Kommunen ønskjer jo gjerne innbyggarane sitt syn på saker, og no blir lettare for dei å sette seg inn i og følgje med på saker. Det er nok mange som tenker at det er kjedeleg å følgje med på eit kommunestyremøte, men kanskje dei no får seg ei overrasking, kommenterer Hilde.
Les meir i papirutgåva.