No blir det slutt på kommunale brev i posten. Foto: Mona Terjesen
No blir det slutt på kommunale brev i posten. Foto: Mona Terjesen

Slutt på brev i papirform

Framover vil du ikkje lengre få brev frå kommunen i papirform. No blir Tysvær digital og vil sende posten sin elektronisk.

I 2014 vedtok Stortinget at digital kommunikasjon er hovudregelen når offentlege verksemder (stat, kommune og fylkeskommune) vender seg til innbyggarar og verksemder. Tysvær kommune har innarbeida i sin kommuneplan at innbyggarar, næringsliv og tilsette skal ha eit «digitalt førsteval».
– Tysvær har som mål bli ein føregangskommune i arbeidet med å utvikle digitale løysingar som kan bidra til å fornye, forenkle og forbetre kommunen sine tenester og bidra til auka verdiskaping. Eit av fleire digitale grep som me no gjer er elektronisk utsending av brev. Det vil seie at ein tar i bruk KS sin kommunikasjonskanal «SvarUt» , som sender breva via digital postkasse eller Altinn, fortel leiar av Fellessekretariatet i Tysvær kommune, Liv Jorunn Frønsdal.

Blir varsla
Ho fortel vidare at om ein har oppretta digital postkasse vil breva berre bli sendt til den digitale postkassen ein har valt, det vil seie Digipost eller e-Boks. Då vil ein ikkje få brevet sendt i papirformat. Dersom ein ikkje har oppretta digital postkasse vil brevet bli sendt til Altinn.
– Og opnar ein ikkje brevet i Altinn i løpet av to dagar vil det bli sendt til utskrift og sendt i papirformat per post, seier Liv Jorunn.
Om du brukar digital postkasse eller om du får brevet i Altinn så vil du få eit varsel på SMS eller e-post om at du det er komme brev frå kommunen til deg.
– Det vil seie at ein uansett får breva sine, sjølv om ein ikkje nyttar seg av ei elektronisk teneste?
– Ja, dei kjem alltid fram. Men før fekk ein det først og fremst i papirform, og måtte sjølv aktivt velje å få det elektronisk. No blir det omvendt, seier Liv Jorunn, og forklarar vidare;
– Det vil også vere muleg å reservere seg mot å få posten elektronisk. Dette må ein i tilfelle gjere på nettsidene www.norge.no eller ved å ringe 800 30 300. Dette var det nye ved lovendringa i 2014.

Les meir i papirutgåva.