Her blir Vidar Aarhus intervjuet om bord på Restauration ved kaien i Haugesund. Foto: Mona Terjesen
Her blir Vidar Aarhus intervjuet om bord på Restauration ved kaien i Haugesund. Foto: Mona Terjesen

Samla bygda til varm julekonsert

Håra reiste seg garantert på armane til folk då lokalt prosjektkor, gjestemusikarar og Christina Bjordal heldt julekonsert i Nedstrand kyrkje i går.

Til vanleg er der ikkje kor på Nedstrand. I midten av november derimot, samlar syngelystne kvinner og menn seg til lange kveldsøvingar ein gong i veka fram mot jul. Siste helga før jula ringest inn, inviterer koret, med dirigent Arne Jon Myskja i spissen, til julekonsert i kyrkja. Det har blitt ein tradisjon at ein gjestartist deltar på konserten, i år var det Christina Bjordal som delte si kraftfulle stemme med nedstrandsbuen.

Benkeradene i Nedstrand kyrkje var tette av folk under julekonserten søndag. Dette er einaste førjulskonserten på Nedstrand, og det er ikkje til å stikke under stol at konserten ofte blir ein snakkis og eit høgdepunkt for folk i bygda.
Konserten var ein kombinasjon av nydelege soloar av Bjordal, som mellom anna leverte ein majestetisk versjon av «I Am a Poor Wayfaring Stranger», soloar frå lokale songarar og allsong.

Les meir i papirutgåva på torsdag.