Det er som kjent Tysvær kommune som har tatt initiativet til ei stor, samla satsing på energi på Haugalandet, og både kommunar og aktørar har så langt vist seg både positive og engasjerte. No blir prosjektet for alvor løfta fram regionalt.
Stor takk
25. november inviterte initiativtakaren Tysvær til ei «Energisamling» og ein workshop, der fleire relevante og sentrale parter var til stades. Er Haugalandet klar for ei energisatsing? blei spurt under denne samlinga, og svaret er tydelegvis ja.
Då varaordførar Ola S. Apeland, i Sigmund Lier sitt fråvær, og Annette Sæther frå Haugaland Vekst la fram ei statusoppdatering under regionsrådet sitt møte fredag førre veke, var det berre lovord å hauste frå dei andre kommunane.
– Store ting er på gang
Haugalandet er klar for ei energisatsing! Det må vere konklusjonen etter ei statusoppdatering av energiprosjektet i Haugaland Vekst regionråd førre veke.