Uvanleg mange har i sine nyårshelsingar på nett langt på veg sagt rett ut at 2016 ikkje var noko særleg. Det var eit nyhende år med mange tunge og triste saker. Det var eit år der mange mista jobben, og dei bonusar som har følgt med den. Det har vore eit år kor det har vore mykje nedsnakking.
Men nå er altså 2017 her. I år må det vel alt bli mykje betre? Eller…
Vel, det begynte med terror i Tyrkia eit land mange haugalandingar har eit godt forhold til. Slikt er skremmande både fysisk og psykisk. Og når ein har kjøpt seg feriebustad og ser føre seg rolige og late dagar i Syden, så er terror noko som blir veldig nært, veldig fort.
Her heime har me langt mindre farlege saker å irritere oss over. Det som har vore snakkisen så langt er bensinprisane. Rekordhøge skal dei bli og det med Framstegspartiet i førarstolen i regjeringa. Det same skal skje med bompengar. I eit valår får Frp eit problem, fordi dei forrige val vann mange nye veljarar på lågare prisar på det som opptar folk flest. Slik har det ikkje blitt, og det vil dei garantert få svi for.
I Tysvær har 2017 opna stille. Det lovar godt. Om 14 dagar inviterast alle til ein Tysværdag i Sysco Arena der noko av framtidas Tysvær skal visast fram. Folk frå heile haugalandet er invitert og målet er enkelt, nemleg å vise fram mange gode grunnar til å busette seg her.
Då passar det kanskje dei som styrer her dårleg at det nå er eit opprop mot ny ungdomsskule, og fleire folkemøter om det same både i Nedstrand og Tysværvåg. Det er ein tydeleg skepsis til at ein i det heile tatt vurderer ein ny felles skule i Aksdal. Og i ei tid der ein ønsker framsnakking blir slike utfordringar eit politisk slalåmløp, kor ein skal tilfredstille alle.
Det blir ei utfordring lokalpolitikarane må ta, og dei treng litt å tygge på i 2017 også.
La oss håpe at 2017 blir eit godt år for Tysvær der me ligg sentralt plassert i «superfylket» Rogaland. Skal me våge å tru at arbeidsplassar på nytt blir sikre, at om ikkje alt snur, så blir det i alle fall til noko betre. Mykje av velstanden vår er bygd på idear frå pionerar og framtidsretta gründerar. Dei har me framleis blant oss, så kvifor ikkje ein ny vekst. Dei har evna til å sjå mulegheiter der me andre ser svart. Og når 2017 ser «bittelitt» lyst ut, må det vere solskin for dei.
La oss krysse fingrane for at 2017 blir eit år me snakkar godt om, når me ønsker kvar andre godt nytt år om 360 dagar.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør