Eit samla Vestland i eit nytt år!

Avdelingsstyret NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland registrerer at av dei tre fylkestinga på Vestlandet, så er det berre Rogaland som har sagt nei til ein ny Vestlandsregion.

Vi beklagar vedtaket i Rogaland på det sterkaste.
For Nord-Rogaland og Sunnhordland hadde eit positivt vedtak i Rogaland vore det beste. Vi har ein felles arbeidsmarknad, felles næringsliv og felles utfordringar i vår del av landsdelen. I dag går fylkesgrensa på kryss og tvers i vårt område. Eit felles Vestland hadde gjort dette langt enklare.
For avdelingsstyret i NITO er det også viktig at vi hadde stått langt sterkare saman som eitt Vestland når vi skal markere oss mot det sentrale austlandsområdet. Vi har utfordringar på i forhold til omstilling av arbeidslivet og auka tal på arbeidsledige. For å motverke dette er det betre å stå saman, fine gode løysningar og påverke sentralmakta for å få til endringar og meir pengar til Vestlandet. Det same gjeldt innanfor samferdsle-sektoren.
Vi registrerer også at sentrale politikarar på Haugalandet vil vurdere å gå over til Hordaland etter at Rogaland sa nei. Dette er noko vi i utgangspunktet støtter, og vi meiner at dette kan bidra til at fylkestinget i Rogaland etter kvart kjem på betre tankar.
Det vi i avdelingsstyret i NITO håpar på er at vi i slutten av 2017 kan slå fast at Vestlandet endeleg er samla, frå Sogn og Fjordane i nord til Rogaland i sør.

På vegne av avdelingstyret i NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland
Asbjørn Eik-Nes
Leiar