Vintercupen er i fare. Her er Jonas Staurland i kamp mot Trott i fjorårets cup.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Vintercupen er i fare. Her er Jonas Staurland i kamp mot Trott i fjorårets cup.

Vintercupen redda

Det hjalp å seie i frå. Nå har 13 lag meldt seg på Skjold sin vintercup. Me utvidar nå påmeldingsfristen til over helga, sier dagleg leiar Henriette Goksøyr.

Vinnarane i fjor Haugar er eit av sju seniorlag som har meldt seg. Det same har arrangøren Skjold sjølvsagt, men så er det verre. Eit par lag frå Karmøy og frå Haugesund er det som nå gjer at talet på lag er halvert frå i fjor.
– Me veit ikkje kva som er årsaka. Snakka med Stegaberg og dei trudde dei var påmeldt, noko dei ikkje er. Så det kan i beste fall vere nokre slike misforståingar der ute. Det er ei grense for kor få lag som må vere med for at det blir cup i vinter. Eg vil ikkje seie kor den grensa går, men me er ikkje der nå, sa Henriette Goksøyr.
I juniorklassen var det endå tynnare. Berre fem lag ser på vintercupen som ei oppkjøring til sesongen.
– Ein cup med berre fem lag seier seg sjølv at ikkje er aktuelt. I fjor var det ti lag med og me håper sjølvsagt at fleire nå nyttar helga til å logge seg inn og melde på laget sitt.

Seks lag til
Men det var før helga. Etter at me omtala saka har seks nye lag meldt seg på. Det betyr at det blir cup, med start i siste veka i januar og finale i Grinde 18. mars.

Info om cupen finn ein her: http://skjoldil.no