Mulighetsstudie utan svar

Som leiar og sekretær i Nedstrand Bygdeutval har vi arbeidd med å lage høyringsuttale til Tysvær Kommune i samband med «Mulighetsstudie ny ungdomsskole».

Bygdeutvalet vil levere høyringsuttale fokusert på reiseveg og konsekvensar for den levande bygda Nedstrand. Som privatpersonar finn vi det naturleg å knytte nokre utfyllande kommentarar til studien som er lagt fram.
Det er tid for å ta eit steg tilbake
Kommuneplanutvalet gav for ei tid tilbake administrasjonen i oppgåve å legge fram ein muligheitsstudie for å avdekke pedagogiske, arealmessige og økonomiske forhold knytt til ein mogeleg felles ungdomsskule for Tysvær kommune i framtida. Saksframlegget gjer greie for bakgrunnen for arbeidet : ”Tysvær kommune må rekne med eit svakare inntektsgrunnlag over tid, og for skulane våre er det, i arbeidet med å vidareutvikle framtidsretta tenester med god kvalitet i ein berekraftig økonomi, vurdert som nødvendig å sjå på ei muleg endring i ungdomsskulestrukturen.”
Dette arbeidet er no ferdig. Mulighetsstudien konkluderer med at dei tre alternativa (halde fram som i dag, ny samla løysing i Aksdal og ny samla løysing på Frakkagjerd) er ganske likeverdige. Endring i skulestruktur er med andre ord ikkje svaret på utfordringane som møter Tysvær Kommune gjennom svakare inntektsgrunnlag.
Då skulle ein tru det var tid for å ta eit steg tilbake for å sjå breiare på korleis vi organiserer og driv ungdomsskulane våre. Kankskje er svara på kommunen si utfordring å finne i andre tiltak. Likevel går studien langt i å foreslå vidare arbeid med skulestrukturen, no basert på eit nytt mandat: «Som en foreløpig konklusjon, synes det å være så lite som skiller de ulike alternativene fra hverandre rent økonomisk, at en samlet vurdering av hvilket alternativ kommunestyret bør legge til grunn for videre planlegging, kan legge størst vekt på hva en mener er riktig og mest framtidsrettet. Fra et skolefaglig ståsted bør da de kravene til framtidens skole og innhold og kvalitet i opplæringen som er skissert i kap. 2 og 3 vektlegges særdeles høyt.» Det verkar her som det er gitt at det er skulestrukturen det skal arbeidast med, og at studien primært er ute etter å finne eit fornuftig grunnlag for dette arbeidet. Det er vel å snu saka på hovudet.
Vi har også vanskar med å sjå at mulighetsstudien har avdekka pedagogiske eller arealmessige forhold som tilseier at ein felles ungdomsskule for heile Tysvær kommune er den beste løysinga i framtida. Det finns ein del norsk forsking på området skulestorleik/læringsutbytte. Forskinga er ikkje eintydig i alle detaljar, men viser ein tydeleg felles hovudkonklusjon: Det er ingen samanheng mellom skulestorleik og kvalitet på opplæringstilbodet. Dette vart også sagt i klartekst av professor Thomas Nordahl som Tysvær kommune hadde invitert til informasjonsmøtet om saka og som er ein av landets leiande skuleforskarar.
I eit intervju med nettstaden forskning.no (27.04.2015), seier Nordahl: ”Godt læringsmiljø er ikke noe kommunepolitikerne kan bevilge over skolebudsjettet. Det er noe elever, foreldre, lærere, skolemyndigheter og politikere skaper sammen.” Så går han vidare og listar viktige faktorar. Her er det mykje å gripe fatt i for dei fleste skular. Men om dette arbeidet blir knytt saman med endring i skulestrukturen, blir det skapt støy og motkrefter som vil gjere viktig utviklingsarbeid vanskeleg. Muligheitsstudien peikar nettopp på at skulestrukturprosessar er ei av dei mest krevjande oppgåvene i ein kommune, difor stel slike prosessar mykje energi frå anna viktig arbeid.
Det er flott at kommunen har gitt så mykje fokus til skuleutvikling. Det naturlige steget no er å ta eit steg tilbake og starte eit nytt arbeid, framleis forankra i pedagogiske, arealmessige og organisatoriske behov og med kommunen sitt behov for lågare kostnader over tid som utgangspunkt. Sidan vi kan sjå bort frå skulestruktur som økonomisk drivkraft, er det naturleg å undersøke om andre faktorar, til dømes organiseringa av arbeidet i ungdomsskulen i Tysvær, har større potensial. Det er også naturlig at det vert arbeidd med andre faktorar, ikkje minst det som forskinga viser oss er viktig for eit godt læringsmiljø.
Muligheitsstudien inneheldt ein bra analyse av skulestruktur i forhold til utvikling av befolkninga i Tysvær. I den pedagogiske delen manglar ein tilsvarande analyse av ungdomsskulen i Tysvær: korleis er læringsresultatet, det sosiale miljøet (som Nordahl meiner har svært stor vekt), samhandling og pedagogisk utviklingsarbeid. Kva er det som fungerer bra og kvar finnes dei store utfordringane og muligheitene i møte med framtida sine krav? Er det skilnader på dei små og dei store skulane? Eit godt utviklingsarbeid bør bygge på ei realistisk analyse av no-situasjonen.
Pedagogisk forsking legg stor vekt på samarbeid: eit godt sosialt miljø for elevar, samarbeid lærar/elev og skule/heim og ikkje minst det pedagogiske utviklingsarbeidet mellom lærarar. Spreidd struktur slik som vi har i Tysvær i dag, er eit stadig mindre problem for samhandling. Samfunnet i dag erstattar reising og pendling med bruk av enkle og rimelege samhandlingsløysingar basert på informasjonsteknologi. Dette kan danne grunnlag for nye måtar å samarbeide på og nye måtar å organisere undervisning og utviklingsarbeid utan å måtte ty til transport som er tidkrevjande, kostbar og forureinande.
Levande bygder og eit sterkt sentrum
Tysvær kommune har både sentrumsutvikling og «Levande bygder» som viktige mål i planane sine. Ein kunne tenkje seg at det var naturleg å vurdere desse måla i eit skulestrukturperspektiv. Vi har lagt merke til at det ikkje var tatt med i mandatet, likevel ser vi at det har vore framme i ulike samanhengar. Så lenge saka har blitt gjort til eit reint skulestruktur-spørsmål, ville det vere naturleg.
Det har blitt stilt spørsmål ved om lokal ungdomsskule er ein føresetnad for levande bygder. Vi meiner at det er det ikkje nødvendigvis, men når unge familiar står overfor valet om å pålegge sine 13 til 15-åringar å bruke to-tre timar dagleg, fleire hundre timar årleg, på buss, vil bygdene tape som busetjingsalternativ. Folk legg avgjerande vekt på god tilgang til skule når dei vel kvar dei vil etablere seg. Vi har alt for tydeleg erfaring med resultata av dagleg skulependling. I Nedstrand har elevane som skal på vidaregåande skule i Haugesund val mellom dagleg busspendling eller å flytte på hybel. Erfaring viser at dagleg pendling fører med seg trøytte og umotiverte elevar, dei aller fleste vel å flytte på hybel. Det er eit dårleg alternativ for ungdomsskuleelevane.
Mister Nedstrand ungdomsskulen, er barneskulen i fare. Thomas Nordahl viste til at ein skule bør ha omkring 150 elevar for at det skal vere berekraftig. Utan ungdomsskulen vil barneskulen på Nedstrand også vere utsett.
Difor er vår utfordring til politikarane i Tysvær klar: ta eit steg tilbake. Det finnes gode tiltak som kan skape ein betre ungdomsskule i kommunen vår og som kan hjelpe oss å møte ein meir utfordrande budsjettsituasjon. Muligheitsstudien har vist oss at skulestruktur er ikkje eit slikt tiltak.

Ingeborg Baustad og Arne Jon Myskja