Nokre av elevane presenterer det gruppa deira har diskutert om framtida til ungdomsskulane i Tysvær. Foto: Ingvild R. Myklebust
Nokre av elevane presenterer det gruppa deira har diskutert om framtida til ungdomsskulane i Tysvær. Foto: Ingvild R. Myklebust

Engasjerte elevar diskuterte ungdomsskulen

Tysdag var godt og vel 50 elevar frå ungdomsskulane i Tysvær samla for å diskutere moglegheitsstudie som gjeld ny ungdomsskulestrktur i kommunen.

Elevane som var til stades på Tysværtunet tysdag, var ei blanding av elevrådsrepresentantar, frivillige elevar og medlemmer av det nyoppstarta ungdomsrådet. Kva meiner hovudpersonane, ungdommen, om ungdomsskulen?
Elevane blei delt inn i grupper på tvers av skulane, og diskuterte kva dei meinte om dei ulike alternativa i moglegheitsstudie. Ungdommane var tydeleg engasjerte og interesserte, og i litlesalen presenterte til dømes ei av gruppene det dei hadde diskutert. Her la dei fram spørsmål som mellom anna gjaldt transport, fritidsaktivitetar og valfag.

Folkehelsekoordinator i Tysvær kommune, Ann-Kristin Berge Dahle, seier i etterkant av samlinga at ungdommen sine diskusjonar var gode.
– Ungdommene lurte også på dette med økonomiske forhold til felles eller delte ungdomsskular, kva har Tysvær råd til, kva er billigast og kva er dyrast, seier Berge Dahle, som tydeleg er fornøgd med dagen.