Det vanskelege valet

1. mars må ein ha bestemt seg. Om ein er avgangselev ved ungdomsskulane altså.

av Alf-Einar Kvalavåg

Kanskje har det aldri før vore så viktig å gjere dei rette vala som akkurat i år. Eller kanskje kjennest det berre slik ut, for oss som har laga ein del saker om yrkjesval og skule denne veka. For alle me har snakka med har fortalt oss kor viktig det er å velje rett, ville stå på og ha eit mål langt der framme å strekke seg etter.
Og det er kanskje mykje sant i det.
I ei tid kor arbeidsløysa ligg og vippar høgt der oppe og kor pilene stort sett peikar i feil retning, er det inga tvil om at utdanningsval er og blir viktig for ungdommane våre. Nå var det ein som sa at det viktigaste er ikkje at ein vel rett, men at ein vel noko og kjem i gang. Å gå heime og vente på betre tider i ein alder av 16 år, tener ingen. Og han har rett i det.
Difor er skular og føresette nå på tå hev. Dei er begynt å «mase» på sine håpefulle og vil så gjerne spele på lag. Og er du ein 10. klassing som les dette så skal du lytte på kva dei har å melde. Akkurat denne gongen kan det ha frykteleg mykje å seie for framtida di.
Det er mykje som var kjekt for berre få år sidan som ikkje er det i dag. Då tenkjer eg på trygge jobbar. Mange bransjar har tunge tider om dagen og inntak av lærlingar er på lågmål. Det er vanskeleg og berre dei aller beste slepp til. Det kan på mange måtar vere ein motivasjon til å stå på og hamne i gruppa dei beste. Men det er også eit varsko om at ein må sjå på andre alternativ, enn det som kanskje har vore eit mål ei stund allereie.
Helse og omsorgsfaga skil seg ut. Her er behovet i framtida nærast utømmeleg. Dei som har valt denne retninga skryt ofte over kor meiningsfull denne utdanninga er. Det same gjeld dei som satsar på ei karriere innan skule og barnehagar. Men krava er skjerpa, og skal ein bli lærar så er det svært høge krav som møter ein etter vidaregåande.
Den store plussen for oss haugalendingar er at me har mykje å velje i etter ungdomsskulen. Frå Kopervik i sør til Haugesund i vest kan ein nærast boltre seg i gode tilbod. Me har også mykje spennande på Tveit vgs på Nedstrand. Så tilbodet kan ingen klage på.
Så nå må det samling til rundt kjøkkenbordet heime hos familiar med avgangselevar. Kursen dei neste åra må settast nå. Det er lov å ha draumar, og det er lov å vere realistar. Og det er lov å lytte til dei vaksne.
Godt val.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør

Kjøp avisa her