Naboane ved Aksdals-vatnet ber kommunen sjå på andre plass-eringsalternativ av rusbustadane. Dei kjem til å klage saka vidare om det blir etablering i nabolaget deira.

Paul Steinar og Mathilde Dalaker, Roger Lid-Austrheim. Foto: Mona Terjesn

– Me gir oss ikkje!

Naboane ved Aksdals-vatnet ber kommunen sjå på andre plass-eringsalternativ av rusbustadane. Dei kjem til å klage saka vidare om det blir etablering i nabolaget deira.

av Mona Terjesen

Kommunen har for lengst vedtatt bustadar for aktive rusmisbrukarar i kommunen. Som kjent har politikarane gått for to plasseringsalternativ; trekanttomta og ved Aksdalsvatnet. Sistnemnte har fått fleire motsegn frå naboar, og fråråding frå politiet og fylkesrådmannen. Plasseringa meiner dei er i strid med skuleveg, LNF-område, turområde og kommunale planar.
– Me er inneforstått med behovet for desse bustadane, men det er viktig at dei blir trygt plassert – For alle partar. Det vil skape stor og farleg trafikk langs gangvegen om dei blir plassert ved vatnet. Trekanttomta gir mindre risiko og lågare LNF-konflikt, men sitt tydelegvis langt inne politisk. Derfor meiner me at tomta sørvest for Shell-stasjonen burde vore med i utreiingsarbeidet. Her eig kommunen store område, og rusbustadane kunne blitt plassert med større avstand til kvarandre. Her vil også rusmisbrukarane lettare kunne tilkalle hjelp ved volds- og overdosetilfelle. Innkjøringa er offentleg og ein kan raskare bygge. Her unngår ein trenering frå naboar på grunn av sikkerheit og formalitetar. Ein slepp bomløysning og trafikksikring. Kanskje er også dette det rimeligaste alternativet? seier nabo og småbarnsfar Roger Lid-Austrheim.

les heile saka i papirutgåva

Kjøp avisa her