Tysvær bygdeblad vil i ein serie presentere gamle, nedlagte skular i dei ulike bygdene i kommunen. Krinsane var små og mange, det same var skulehusa. Kvar låg dei, kven gjekk der og kva har skjedd med dei etter at dørane blei lukka for siste gong?

Ein av skulane på Nedstrand var Stranda skule, som blei tatt i bruk i 1938. Sjå kart over skulane nedst i saka. (Bilde henta frå Tysvær folkebibliotek lokalsamling)

Sjå kart over dei gamle skulane på Nedstrand

Tysvær bygdeblad vil i ein serie presentere gamle, nedlagte skular i dei ulike bygdene i kommunen. Krinsane var små og mange, det same var skulehusa. Kvar låg dei, kven gjekk der og kva har skjedd med dei etter at dørane blei lukka for siste gong?

av Ingvild Rørtveit Myklebust

Denne gongen er det Nedstrand sine gamle skular som blir presentert.

Til å hjelpe oss med å samle informasjon har me fått hjelp av Sigmar Myhre og Dagfinn Silgjerd i Nedstrand Bygdemuseum.

På Nedstrand hadde ein desse skulane:
 
Gamle Stranda skule
Nessa skule
Lasshidler skule
Helgeland skule
Djursvoll skule
Lid/Neset skule
Espevik skule
Nye Espevik skule
Nye Stranda skule

Sjå kart nedst i saka over dei ulike skulane. (Klikk på husa for å få opp tekst om skulen)
Kartet er henta frå Kartverkets historiske arkiv.