I rolla som Roy Orbison treff me operasongar Ole Morten Velde, her saman med Elsa Aanensen i Tysværtunet.
Foto: Mona Terjesen
Ådne Brathammer har festa det nye oppropet med kjetting i bokhandelen. No håper han og dei andre engasjerte naboane i Hervik at så mange som mogleg vil signere, slik at det blir ei folkeavstemming.

Alt klart til «Tysværdagen»

Alt tyder på at Tysvær er klar for ein eigen dag. Ein dag der ein får sjå kor mykje kommunen har å by på – og kor godt det er å leve i Tysvær.

Dette bekreftar påmeldinga til gratisarrangementet «Tysværdagen», som for første gong går av stabelen kommande laurdag.
– Det er no over 80 påmeldte og stadig fleire kjem til. Dei er alle hjarteleg velkomne, me har god plass, seier ordførar Sigmund Lier, då me pratar med dei mandag denne veka.
– Det er heilt tydeleg at Tysvær er klar for denne dagen. Det er både behov og ønske om eit slikt arrangement – og ein slik arena. Me byrja planlegginga i oktober, fekk det vedtatt i formannskapet i november og i kommunestyret i desember. I slutten av desember sendte me ut invitasjonar, så det har gått ganske raskt. Likevel har så mange meldt seg på, nikkar varaordførar Ola S. Apeland, då me slår av ein prat med dei måndag formiddag.

Les meir om Tysværdagen i papiravisa