Folkemøte om E39-plasseringa

Statens vegvesen og Tysvær kommune inviterer til folkemøte tysdag kveld, der tema er korleis E39 vil gå gjennom Tysvær kommune i framtida.

Møtet blir i storsalen i Tysværtunet kulturhus i Aksdal.

E39 går mellom Kristiansand og Trondheim. Vegen er ein viktig del av vegnettet nasjonalt, regionalt og lokalt. Samferdselsdepartementet har gjeve Statens Vegvesen i oppdrag å planlegge ein ny og ferjefri E39.

Planarbeid for strekninga E39 Bokn- Stord er starta. På folkemøtet ynskjer Statens Vegvesen å presentere alternative veglinjer for ny E39 gjennom Tysvær kommune.
– Det vil også vere høve til å stille spørsmål og komme med innspel til arbeidet, opplyser kommunen på sine nettsider.