Sølvi Heimestøl, Janett Lillås Mathiassen, Monica Brekke Førland og Anita Weltzien Dalaker håper at foreldregruppa kan hjelpe foreldre i kvardagen. 
Foto: Ingvild R. Myklebust
Sølvi Heimestøl, Janett Lillås Mathiassen, Monica Brekke Førland og Anita Weltzien Dalaker håper at foreldregruppa kan hjelpe foreldre i kvardagen.

Satsar på samarbeid

Barnehagane i Tysvær, helsesøstertenesta, Helse Fonna og FOUSAM har gått saman om eit nytt prosjekt, der dei inviterer foreldre til barn med varige helseutfordringar til å samlast. 

Hensikta med foreldregruppa er å treffe andre foreldre i same situasjon, dele erfaringar og gode råd og sette fokus på aktuelle tema. Dette skjer i Aksdal barnehage i løpet av fire kveldar i januar og februar. Samarbeidet starta då partane kom i snakk på eit møte i Haugalandsløfte. 
– Me vil ha fokus på det friske, men og forstå utfordringane med å ha eit barn med varige helseutfordringar, seier Sølvi Heimestøl i Helse Fonna. 
Ho har tidlegare arbeida mykje med barn med ulike helseproblem, men då gjennom sjukehuset. 
– Tradisjonelt sett har denne type informasjon blitt formidla på sjukehuset, seier Heimestøl. 
Nå får altså foreldre i Tysvær høve til å få og dele informasjon i heimkommunen. Eit samarbeid som dette mellom barnehage, helsestasjon og sjukehus,  har ikkje vore gjort i regionen tidlegare, og etter kva Heimestøl erfarer, ikkje heller i landet.  

Les heile saka i papirutgåva