Løpesterk trio frå Tysværvåg barne- og ungdommskule. Vivian Kyte, Geir Dybdal og Silje Velde Rykkje. Foto: privat
Vivian Kyte, Geir Dybdal og Silje Velde Rykkje. Foto: privat

Persa på jobbtur

Stegaberg-løparen Vivian Kyte nytta sjansen til løpe maraton på jobbtur i Genk, Belgia. Det blei ny pers og siger i sin klasse.

– I enden av ein jobbtur i samband med eit Erasmus prosjekt som skulen er med på, åpna det seg ein moglegheit for springa maraton. Det var i Genk i Belgia. Eit løp i fine omgjevnader og nokså flatt. Mot slutten av løpet blei dei rundt meg sletne med krampe, og eg klarte å kome fyrst i mål. Det blei ny personleg rekord med tid rundt 3.21, fortel Stegaberg-løparen.
Arrangøren har ikkje stadfesta tidene, men det er ingen tvil om at Kyte har levert nok ein gong.
Gjengen frå Tysværvåg barne- og ungdomsskule med rektor Geir Dybdal, Silje Velde Rykkje og Kyte i spissen tok seg rundt i den belgiske byen på ein imponerande måte.