Kontraktane har ei samla verdi i underkant av 1,3 milliardar kroner, og arbeidsomfanget vil på topp gi behov for anslagsvis 650 stillingar offshore, som går rotasjon i tre skift. Dette vil utgjøre nærmare 2.000 offshorearbeidarar.
I ein pressa bransje kan det vel knapt komme betre meldingar enn dette, og mange smilte ekstra bredt då meldingane kom på nyheitene utover dagen.
Johan Sverdrup-feltet har av mange blitt sett på som eit lys i tunnelen, og nå ser ein noko av omfanget dette prosjektet har. Og les ein pressemeldingane nøye er det også mulegheiter for meir arbeid i 2019.
Me veit at Aibel er ein av dei arbeidsplassane i distriktet vårt som har flest tysværbuar i arbeid. Mange av dei knytt til prosjekt på Kårstø-anlegget, men også svært mange på Risøy. Det er også snakk om ringverknadar når slike kontraktar hamnar hos lokale verksemder. Det betyr oppturar også i andre bransjar, og det blir litt meir optimisme over alt.
Kanskje er likevel det aller viktigaste at det nå er eit lys i tunnelen. At det er offshorearbeidsplassar der framme ein stad. Når så mange i vår region har valt ei utdanning innan oljerelaterte yrker, så er slike tildelingar både jul og 17. mai på ein gong.
Desse meldingane kom samstundes som me jobba med ei sak om sommarjobbar denne sommaren. Me har allereie fått tips om at det kan bli ein heilsvart sommar for mange ungdommar. Det er vanskelegare å få jobb enn tidlegare, og konkurransen om dei jobbane som er kjem nå også frå godt vaksne. Krava til dei yngste blir også høgare.
Sist veke fekk eg ein telefon frå ei svært bekymra mor. Dottera hennar var 18 år og hadde søkt om sommarjobb i ein butikk i Haugesund. Dette var ein butikk som tidlegare hadde tatt inn mange dei kjente, og hadde eit godt omdøme. Men nå sa mora at krava var heilt utrulege. Dei hadde allereie nå fått inn mange søknadar frå vaksne med utdanning og brei erfaring. Dei var litt overvelda av mengda søkarar. Om det var likt overalt kunne dei sjølvsagt ikkje seie noko om. Men mora var bekymra for mange ungdommar, som ho meiner med rette treng all den yrkeserfaringa dei kan få.
Dette er to verdnar som heilt tydeleg viser kor kompleks arbeidsmarknaden er. Det er ikkje lett å sjå korleis det endar, men det viser at det nyttar å stå på. Om det er som ingeniør i oljeindustrien eller som jobbsøkar for fyrste gong, så må ein aldri gi opp.
Men denne tysdagen skal det noko til å slå. Det er på sin plass å gratulere.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør