Er bustaden for den karen som ingen såg då han vaks opp? Kanskje bustaden er for ho som ikkje hadde trygge vaksne rundt seg då ho var lita. Eller er bustaden for tenåringen som på skulen og i fritid blei krenka og opplevde overgrep – han som mista all tillit til vaksne.
Eller mon tru, er bustaden for ho som var sårbar og tidleg vart psykisk sjuk utan at lærerar såg henne og som då ikkje fekk den hjelp ho trong? Eller skal guten, som i oppveksten bar på ei skamkjensle for den han var, flytte inn? Felles for dei tre – fire personane som bustadene er planlagt for er at dei har hatt mykje stress i liva sine. Vedvarande stress fører med seg langvarige kjenslemessige psykologiske vanskar og då gjere bruk av dempande og/eller stimulerande rusmidla godt. Sjølvmedisinering er svært vanleg. Men obs., det kan og vera at ein av karane som skal flytte inn berre søkte gleda rusen gir, så bar det utfor til avhengighet litt i raskaste laget.
Det vart for nokre av dei nemnde gutane og jentene slik at når dei vaksnast
fall dei ut av skulen, … ut av arbeid og meiningsfull fritid, dei fall ut av bustadsmarkedet, utanfor lova …. og no blir dei stigmatisert, marginalisert og kriminalisert.
”De som intet har å miste, er de vanskeligste å styre” har Nils Christie skrive.
Er det rart det kan bli vanskeleg når ein blir møtt og omtala med dei haldningar som Tysvær bygdeblad og politikarane i kommunen legg for dagen. Eller for å ikkje gløyme den stigmatisering lensmann Tjøsvoll blir sitert på i TB 26.01. Kor mykje auka trafikk blir det med tre – fire menneske som ikkje eig bil, kor mange sprøytespissar blir liggande etter tre – fire personar som er under oppfølging i kommunal helsetenesta. Innkjøp av store kvanta rusmiddel blir det lite av når økonomien er tilmålt trygd. Jo, lovbrot kan skje, men det er unntak og ikkje regel. Er det regel, slik sitatet frå Tjøsvoll kan tolkas, ja då bør ein etter mi meining sjå nærare på kvaliteten av politiarbeidet. Korleis er det forresten med lovlydnaden i dei mange krinsar i kommunen? Gjennom 15 år i arbeid innanføre fengselsmurane i Haugesund har eg møtt diverse tysværbuar, me er som andre folk.
Slik saka om dei tre – fire bustadene blir framstilt gir minner til tidlegare forhold i Nygaardsparken i Bergen eller Plata i Oslo. Realitetane i saka er at dette handlar om tre – fire bustader. Dei som skal flytta inn er son til den eine, syster av den andre, far til den tredje og liknande. Dei er menneskjer – menneske me skal bry oss om. Ingen av oss har garanti for at ikkje nokon av våre eigne kan bli sjuke, byrja med rus og få samansette vanskar. Etter over 40 år i fagfeltet psykisk helse/rus har eg møtt mykje ”finfolk” – flotte ”fintfolk”. Omatt og omatt blir det i Tysvær Bygdeblad i overskriftene slått fast at bustadene skal byggas for ”rus”. At bustadene er for menneskjer med samansette vanskar når politikarane ikkje fram med – eg kan ikkje finne at det er gjort forsøk på å imøtegå heller. Kvifor er politikarar så feige og tilsette i helse og omsorg så lite på banen? Eg har ikkje fått med meg at andre enn Svein Terje Brekke har tala, den no vaksne guten og jenta som ventar på eigen bustad, si sak i bygdebladet.
Eg saknar at Tysvær bygdeblad hentar fram anna enn elende-historiene. Sjå gjerne Haugesunds avis 26 januar, der karmøybuen Raymond Eriksen blir presentert som «Fra sprøytenarkoman til frieri på TV». Han starta med å bruke rusmiddel som 13 åring, i 16 år var han avhengig og i ti av desse injiserte han rusmidlar. Nå er han konge i sitt eige liv og gjekk 27 januar vidare i ”Norske talenter”. Sjå elles gjerne til organisasjonar som Retretten, Way back mm.
Menneskeverdet er ugraderbart, konstant, ukrenkelig og kvar og ein har rett til liv og tryggleik. Menneska som skal flytte inn i dei tre-fire bustadene har lik verd som deg og meg, som sin nabo og deg politikar.
Nokre gonger er alt som skal til for ei endring litt menneskeleg godheit. Bibelen seier at gir du din uvenn mat når han er svolten, vatn når han er tørst samlar du glødande kull på hans hovud og oppmuntrar slik men overvinn det vonde med det gode” (Romerbrevet 12.20.)
Ein rusmiddelavhengig sa til meg ”Jeg har mange ganger tenkt å begynne å slutte, men har ingen utholdenhet når noe blir kjedelig” Det blir kjedelig og vondt når ein blir stigmatisert, når ein møter forventningar om bråk og blir stempla som lite truverdig. Det er smertefullt når ein gong på gong får høyre ”slik er dei” og få bryr seg. Tenk om du nabo kunne ha ønske å bli kjend med dei eventuelt nye naboane dine. Du kunne til dømes vise interesse for deira sterke liv, det dei er glad for ..;. Etter ei tid er det mogeleg at dei deler noko av deira tapte liv – det dei aldri fekk, det som er istykkerlevd og smertefullt. Lytt og vis så interesse for deira ulevde liv, – det som er igjen, håpet og ønskene. For å få fatt på “historiene” må alle sansar opnas, ein må
”börja lyssna från början”.
Ei mektig spore til endring er oppleving av at ein situasjon er lite ønskeleg samtidig som ein kan sjå konkrete alternativ. Del godane og støtt opp om menneskeverdet! Filosofen Imanel Kant forma ein leveregel for omlag 200 år sidan ”Handle berre etter den maksime gjennom kva du samtidig kan ville at skal bli ei allmenn lov”.
Målfrid Tjoland Kolnes
Tysvær SV