Kultursjef Ingvar Frøyland med eit knippe Midtsommarfest-plakatar. det er kulturarrangement nummer ein i Tysvær.
Arkivfotot: Alf-Einar Kvalavåg
Kultursjef Ingvar Frøyland med eit knippe Midtsommarfest-plakatar. det er kulturarrangement nummer ein i Tysvær.

Folk vil ha natur og konsertar

Ei stor kulturundersøking gjennomført av Kantar TNS blei denne veka presentert for kultursjefane i Tysvær, Haugesund og Karmøy.

Tala i undersøkinga skal bli eit verktøy for kulturetatane til å vidareutvikle kulturtilbodet.
– Her er det mykje tal å sjå nærare på, men ein del tydelege teikn var det. Haugesund er kulturhovudstaden vår, men det visste me. Det som er kjekt for Tysvær er at folk støtter opp om dei store lokale arrangementa som Midtsommarfest og bLEST. I tillegg ser me at kulturhuset i Aksdal er hjarte i kulturlivet vårt, seier kultursjef Ingvar Frøyland.
Likevel er det eit heilt anna kulturtilbod som toppar i vår kommune. Og det er gledeleg for mange, sidan det er eit satsingsområde.
– Det er friluftsliv. Der har me heilt fantastiske tal som viser at nesten alle i undersøkinga ein eller annan gong har nytta seg av friluftsområda våre. Det gjeld også svært mange frå dei to andre kommunane. Dei har opplyst at dei har vore i Tysvær og nytta seg av friluftsområda, men også av symjehallen i Tysværtunet. Nær halvparten av dei som blei spurd har sagt at dei har vore i Tysvær og nytta seg av friluftsområda, medan ein av fire seier dei har vore både i symjehallen og på kulturhuset. Det er sterke tal for oss, seier Frøyland.

– Kor?
Undersøkinga viser også kor innbyggarane finn informasjon om tilboda innan kultur.
– Der kan Tysvær Bygdeblad vere stolte. Etter sosiale media o kjem lokalavisa vår på ein sterk 2. plass når folk i Tysvær leitar etter kulturtilbod. Det var imponerande. Det skal ein tenkje på både når det gjeld omtalar og når ein skal annonsere kultur i Tysvær. Undersøkinga viser også, ikkje uventa, at dei unge søkjer informasjon digitalt, medan dei litt eldre er trufaste mot papiraviser, og vil ha både informasjon og omtale der. Men informasjonskanalane på Haugalandet er mange og heile 23 stader er nemnt i undersøkinga, seier kultursjef Ingvar Frøyland.

Les heile saka i papirutgåva