I denne førestillinga fortel han for fyrste gang historiene bak den fantastiske tv-suksessen. Han tar oss med på ei magisk reise i tid, rom og følelsar.
– Strømøy deler dei mest spesielle augeblikka i si «Tore på Sporet» historie. Saman med bilete og film, blir dette ei nær og sterk oppleving. Her blir nok publikum med på latter og ganske sikkert også ei tåre eller to i augekroken, fortel kulturhusleiar Øystein Simonsen.
Me veit at mange har leita etter slekt og venner. Nå er me på jakt etter ein eller to som vil fortelje om si oppleving. Dei sakene som kjem på trykk får gratisbillettar til showet.
– Det som hadde vore ekstra spennande sett med Tysvær-auge er om det er nokon som har prøvd å spore om slektningar i USA som har følgt i Cleng Persson sine fotspor. Enten i gamal eller nytid. I dagens Internettverd er alt blitt lettare, men historiene kan være like sterke.
Har du ei slik historie å fortelje eller kjenner du nokon me bør kontakte?
e-post: [email protected]
telefon/SMS: 52777775