Heilt til ein sjekkar kalenderen. Då må ein kunne stille spørsmålet; Går det verkeleg ann?
Midtsommarfesten har i mange år vore starten på sommaren på Haugalandet. Toppkonsert og aktiviteter i nærare to veker til ende. Gjester frå fjern og nær har komme til kommunen på besøk. Kanskje er denne festivalen den sterkaste namnebygginga Tysvær har. I år som i fjor og åra før det, er det planlagt eit stort program. Nye aktivitetar er komme til og ideane har vore mange. Men så kjem Haugesund på banen, same helga og med det same konseptet. Større, ja vel, men dette er ikkje bra.
Nå står Tysvær der med heilt andre forutsetningar enn naboane i vest. Der dei kjører tungt inn med sponsorar og millionar, har Tysvær som vanleg bygd opp mange arrangement rundt dei frivillige lag og organisasjonane me har. Dermed blir det mann mot mus.
Me veit at fleire av arrangementa under Midtsommarfesten nå heng i ein tynn tråd. Det er trist for det var nokre av dei arrangementa som skulle «smelle» i gang årets fest. Men det seier seg sjølv at å konkurrere direkte mot namna som toppar konsertplakaten i byen er heilt umuleg, uansett kor mykje lokalpatriot ein er. Tysværtrimmen som er blitt ein sporty del av Midtsommarfesten kan også konkludere med at rammene rundt arrangementet på Frakkagjerd nå blir mykje vanskelegare, siden det under byfest skal arrangerast eit byløp. Isolert sett kan ein slå fast at Haugesund har funne ein modell i Midtsommarfesten som dei har kopiert opp i eit større format. Det triste er at dei ikkje har hatt evne til å finne ei anna helg, men også kopiert den. Det står fram for oss i Tysvær som både småleg og uverdig ein kulturby som Haugesund. Og ein kan jo spørre seg kor god er kulturkontakten mellom dei to kommunane når ein ikkje kjenner kalender betre enn dette.
Uansett kor positive dei er på kulturkontoret, og kor motiverte dei er i MSF-komiteen så er dette eit skot for baugen for mykje av innhaldet dei første dagane av årets fest. Ein ting er å trekke folk, men det blir også ein kamp om merksemd. Kva blir snakkisen etter helga 16. – 18. juni?
Nå legg ikkje MSF-komiteen seg ned og grin. Dei er nok bare skuffa. Frykteleg skuffa. Eg trur dei er så proffe og fulle av energi at det dei driv å planlegg endar opp med eit godt program. Den status som Midtsommarfesten har fått gjennom år med god planlegging og stor entusiasme, blir ikkje drepen av at Haugesund finn på noko liknande. Kanskje tenner det nokon litt ekstra, til å komme opp med endå fleire nye idear, spesielt for alle dei som ikkje har tenkt seg til byen, og som har lagt Midtsommarfesten i sin kalender for lengst og som aldri sviktar. Og dei er det mange av.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør