Rådmann Arvid S. Vallestad kunne presentere eit reknskap som har 94 millionar i pluss. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Rådmann Arvid S. Vallestad kunne presentere eit reknskap som har 94 millionar i pluss. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vanvittige 94 millioner i pluss

– Rekneskapen for Tysvær kommune for 2016 er gjort opp med eit netto driftsresultat på 94 millionar kroner, mot budsjettert 37,2 mill. kroner. Resultatet er ca. 57 mill. kroner betre enn budsjett.
Slik starta rådmann Arvid S. Vallestad dagens møte med pressa der han fortalte om eit eventyrleg godt resultat for kommunen.

– Resultatet er heilt i toppskiktet blant norske kommunar, og gir oss ein økonomisk handlefridom som vi må nytte klokt, til å bygge Tysvær kommune for framtida. Netto driftsresultat er den viktigaste «temperaturmålaren» på kommuneøkonomi.Frå sentralt hald blir kommunane anbefalt å ha ein margin på 1,75% for å sikre sunn økonomisk drift. Tysvær kommune sitt resultat i 2016 er det beste nokon sinne, og tilsverer 9 % av brutto driftsinntekter, forklarte Valelstad.
Og grunnane til det gode resultatet er fleire.
– Skatt og rammetilskot gir samla ein pluss på 7,2 mill. kroner. Tidleg på året såg det ut til at skatteinntektene i landet skulle bli svakare enn budsjettert, men dette betra seg vesentleg mot slutten av året. Eigedomsskatten gir samla netto meirinntekter i høve til budsjett på 22,7 mill. kroner. Netto er det rundt 3,9 mill. kroner betre resultat på renteområdet enn det som ligg i budsjettet. Samla kjem drifta av tenesteområda ut med eit positivt resultat på rundt 16,4 mill. kroner, ramsa rådmannen stolt opp.

Over tid
Resultatutviklinga har vore positiv over tid, frå eit reelt negativt resultat i 2007 på 6,9 mill. kroner etter frådrag av momskompensasjon investeringar, til eit gradvis betra resultat, opp til heile 94 mill. kroner i 2016.
– Dette er eit resultat av stor vekst i eigedomsskatteinntekter gjennom desse åra. I dei siste åra også eit svært positivt rentebilete, men aller viktigast av eit godt og systematisk arbeid med omstilling og sparing i tenestene over lang tid. Dette saman med både intern og politisk vilje til å få ned utgiftene, har nå gitt oss unike mulegheiter for framtida, seier Vallestad.
Om framtida er det vanskeleg å spå men rådmannen, økonomisjef Tor Leif Helgesen og ordførar Sigmund Lier var klar på ein ting;
– Men pengebruken skal framleis vere nøktern og ikkje minst berekraftig på lang sikt. Det store handlingsrommet vi nå har i økonomien vår, må nyttast til å sikre gode tenester for innbyggjarane våre, også i ein situasjon med eit mindre godt inntektsgrunnlag enn det vi har no.

Vallestad avslutta det heile med å lese frå Nils Øie si Tysværvise: Men me vil´kje leva i sus og i dus, men skjøtta vårt arbeid og tryggja vårt hus, slik at dei som kjem etter oss kan seie som så; dei skikka seg vel her i Tysvær.

Les meir om resultatet i papiravisa på torsdag.

Fakta

Døme på viktige omstillingstiltak i perioden 2008 -2016 er;

• Betre arbeid med økonomisk planlegging og styring
• Omstilling og meir effektiv ressursbruk er eit fast punkt på dagsorden i alle tenesteområde
• Utvikling av store og meir driftseffektive kommunale barnehagar
• Redusert rammetimetal i skulen
• Vridning av ressursinnsatsen i omsorgssektoren frå institusjons- til meir heimebasert omsorg
• Betydelege omleggingar innan psykisk helseteneste