Vigsel/velsigning av likekjønna par?

Tysvær Bygdeblad hadde i førre nummer, 9. februar, intervju med sokneprestane Arne Aurdal, Bård Egil Dyrhol og Dag Tormod Milje om den nye vigselliturgien for likekjønna par som vart vedteken på Kyrkjemøtet i Trondheim 30.januar 2017.

- Lesarinnegg

Nokre kommentarar:
Kva er eit ekteskap? Det er ein avtale, ei pakt, ein ordning mellom ein mann og ei kvinne, og kan/bør ikkje nyttast om ein avtale mellom to av same kjønn. Gud skapte mennesket, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei og sa til dei: De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. I. Mosebok 1.27-28. I 1. Mosebok 2.24 seier Gud Herren: «Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.» Jesus stadfestar desse orda i Matteus 19.4-6 der han seier: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt. Så er dei ikkje lenger to, dei er eitt, og det som Gud har bunde saman, skal menneske ikkje skilja.» Ekteskapet er innstifta og villa av Gud for ein mann og ei kvinne. Eit av føremålet med ekteskapet er å føra slekta vidare. Til det trengs det to kjønn. Det same finn me elles i skaparverket. To av same kjønn kan ikkje føra slekta vidare. Dersom det berre var likekjønna par ville menneskeslekta døy ut etter kvart.
Kva seier Bibelen om likekjønna samliv?
Så seier Herren i 3.Mosebok 18.22: «Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er ein styggedom.» I 3.Mosebok 20.13 står det skrive: «Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har dei begge gjort ei stygg gjerning. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei.» Jesus seier i Matteus 5.17-18: «Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. Sanneleg det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt er hendt.»
I Romarbrevet 1.18-32 kallar Paulus likekjønna forhold for «skamlege lyster», «unaturleg», «utukt», «slikt som ikkje sømer seg». I 1. Kor 6.9-11 skriv Paulus at «menn som ligg med menn, eller let seg bruka til dette» ikkje skal arva Guds rike / går fortapt dersom dei ikkje omvender seg/ lar seg vaska.
Nokre spørsmål: Gjeld desse skriftstadene i Den norske kyrkja, den evangelisk lutherske, som har Bibelen/Guds ord saman med vedkjenningsskriftene som einaste autoritet i samlivetiske spørsmål? Dersom svaret er ja: Var det då rett å vedta liturgi for velsigning/vigsel av likekjønna par på Kyrkjemøtet i Trondheim? Gjeld desse skriftstadene i «ditt» sokn? Dersom svaret er ja: Er det då rett på Guds vegne å velsigna eller vigsla likekjønna par eller medverka ved slike handlingar? Er det då rett å bruka kyrkja/Guds hus til slike føremål? Vil ikkje det vera å krenkja/spotta Gud og vanæra hans hus og namn? Vil Gud gå god for og velsigna slike handlingar? Er spørsmålet om ein skal arva Guds rike (koma til himmelen) eller ikkje, eit uvesentleg spørsmål? Det var jo difor Jesus kom til jorda for å sona syndene våre for at me ved trua på han slepp å gå fortapt, og får evig liv/arvar Guds rike.
Det går ikkje an å ha to likestilte syn på likekjønna forhold i Den norske kyrkja, den evangelisk lutherske, som har Bibelen og vedkjenningsskriftene som einaste fundament, fordi det finnes berre eitt syn på likekjønna forhold i Bibelen. Vedtaket som vart gjort på Kyrkjemøtet er difor lovstridig/fundamentstridig, bibelstridig og vedkjenningsstridig. Tilsette og tillitsvalde som medverkar ved eventuell velsigning/vigsel av likekjønna, handlar i strid med fundamentet: Bibelen og vedkjenningsskriftene.
Den norske kyrkja er komen i strid med seg sjølv, Bibelen og vedkjenningsskriftene, i strid kva ho har meint fram til desse dagar, i strid kva den verdsvide kyrkja meiner, i strid med kva dei andre kyrkjene og dei kristne organisasjonane her til lands meiner. Så seint som i 1997 slo bispeutgreiinga «Kirkens enhet og troens fundament» fast: «Å sidestille heterofilt ekteskap med homofilt samliv er i strid med grunnleggende etiske prinsipper i Bibelen, og må ansees som kirkesplittende vranglære». Jesus seier i Matteus 12.25: «Eit rike som kjem i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg.» Paulus seier i Galatarane 6.7-8 : «Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det og hausta. Den som sår i sin syndige natur, skal hausta undergang av denne naturen; den som sår i Anden, skal hausta evig liv ved Anden.»
Det som trengs er at ein vender om, og tar til seg bodskapen i det som var preiketeksten søndagen under Kyrkjemøtet Lukas 18.35-43: «Jesus, du Davids son, miskunn deg over meg!» «Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet!»

Knut Ottar Kringeland