Tore Strømøy er på veg til Tysværtunet.
Foto: INTRO MUSIC AS
Tore Strømøy er på veg til Tysværtunet.

Tett på Tore på sporet

I 20 år har Tore Strømøy vore ein fjernsynsfavoritt med sitt program «Tore på sporet». Millionar av sjåarar har latt seg engasjere i jakta på familiemedlemmer eller andre som har forsvunne.

Nå tar Strømøy konseptet med seg ut på turné og serverer historier og klipp ein ikkje har sett på TV-ruta.
– Når ein har jobba med slike program er det alltid mykje ein ikkje har fått vist. Nå har me redigert saman eit konsept som bygger på det programmet som så mange er blitt glad i. Det er feil å kalle det eit show, men meir ei framsyning tett på både meg og publikum.
– Betyr det at folk i salen blir engasjert?
– Det kan fort bli spørsmål frå salen ja. Det er sjølvsagt ein viss regi, men når ein har folk så tett på, så er ikkje eg av den typen som lar gode spørsmål ligge, seier Strømøy som kjem til Tysvær 18. mars.

Engasjement
Når Tysvær Bygdeblad snakkar med Strømøy merker me fort at det er det same engasjementet som me er blitt kjent med gjennom alle desse programma.
– Eg har hatt, og har framleis eit stort engasjement. Men det har også sjåarane. Det er ikkje få brev og e-postar som har komme inn alle desse åra. Mange av dei har enda opp i programma. Mange av dei som ikkje hamna der var minst like spennande, men som det dessverre ikkje let seg ta tak i. I tillegg veit eg at mange har blitt engasjert av det dei har sett, og som har starta sine eigne «Tore på sporet» jakter.
– Det betyr at det er mange som har gode minner frå serien din som nå får vere med på ei «best of» reise i Tysværtunet?
– Det vil eg tru. Mange har vore trufaste framføre skjermen i alle desse åra, og det hadde vore frykteleg kjekt å få møte haugalendingar som har eit minne og to frå det. Eg trur ikkje eg må leite lenge i arkivet før eg finn adresser frå dette området, seier Strømøy.
Den kjende og kjære journalisten var også med på suksessferda «Sommarbåten».
– Det var heilt fantastisk og då møtte eg mange av desse «fansa» som ville skryte litt og som hadde mykje spennande å fortelje. Difor er det med glede eg ser fram til å reise rundt med «Tore på sporet» live frå scenen. Eg har kanskje aldri vore i Tysvær før, men eg hugsa me var på Finnøy ein gong og det var ei stor oppleving. Det var det forresten nesten over alt me reiste. Eg har vore mykje i Haugesund, så kanskje eg har vore i Tysvær utan å vite det. Nei, eg gleder meg som sagt stort.
– Korleis er det å oppleve at så mange seier dei er glad i deg?
– Det er litt rart, men eg likar det sjølvsagt. Det betyr at «Tore på sporet» konseptet trefte folk slik me ønska. Det var slett ikkje alle sakene me tok tak i som var like enkle, og utfallet var slett ikkje gitt på førehand. Nokre av desse vanskelege sakene skal eg vise fram og snakke om på scena i Tysværtunet. Det viser litt av korleis programma blei til og kva me ikkje fekk til. Trur det blir spennande for dei som har sett mange program å få sjå den delen av jobben også, seier Strømøy.

«Stutum»
Namnet på serien er i dag eit av Noregs mest kjente slagord. Stadig nye generasjonar har fått det med seg, og det er vel få i landet med namnet Tore forunnt å ikkje ha fått ein link til det ein eller annan gong.
– Korleis kom ein fram til det?
– Det var Bjørn «Stutum» Sand som kom opp med den ideen til programma. Eg gjekk så ned til redaktøren og var rimeleg godt fornøgd med forslaget. Der blei det blankt avvist og sett på som dårleg. Vel, det blei nå heldigvis ikkje meir avvist enn at det dukka opp att då me starta opp serien, ler Strømøy.
– Ein slik kveld på i underkant av to timar aleine på scenen. Det blir å by på seg sjølv dette?
– Ja, det gjer det absolutt. Men eg er glad i folk og håper at dei er glad i meg. Det er styrken i førestillinga. Det skal vere folkeleg, lunt, spennande og med ein del overraskingar. Nå håper eg at mange finn vegen og helsar på, seier Tore Strømøy.
Spent
– Dette er litt annleis enn det me bruker å presentere i storsalen, men det ser skikkeleg spennande ut. Me merkar at folk nå har begynt å registrere at Strømøy er på veg og det kan fort bli folksamt i salen ein slik kveld. Er dette noko folk vil ha meir av, så finnest det mange mulegheiter. Eg meiner me begynner med ein av dei beste, og dette blir kjekt, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.

LES OGSÅ:https://tysver-bygdeblad.no/2017/02/07/har-du-vore-tore-pa-sporet/